Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 7. mai 2013

I`ll take the full responsibility, yeah.

Kven har sagt at just du kom til världen osb? Ikkje tre vise kvinner - ein blogg i alle fall. Noko også denne morgonen bar preg av. For iblant må sjefar ta ansvar, og i går, etter ein liten dialog på tvers av biblioteklokala med viskvinne M omkring temaet magasinering, kassering, rydding og unnvikande sjefar med liten s som gøymer seg unna høge bokstablar og andre skumle haugar lengst inne på bakrommet, fann sjefen med liten s det på sin plass at i dag var jammen dagen for overordna ansvar for The blogg thiz week!

Ansvarsalarmen gjekk klokka seks, men sjefar med liten s har det ikkje med å sprette ut av senga. Dei brukar som regel ein time på seigpininga og endar opp med å måtte trekkje kølapp for å koma på badet. I dag smatt sjef med liten s seg lydlaust inn etter at ho høyrde ein russ ramla ned kjellartrappa,  hadde visst gløymt ein russeeffekt, til ellevill dunking på døra frå same russ sekund etter. Kven har sagt at just du kom til världen, russ?

Vel på plass på jobb halv åtte, traktaren harkande på pauserommet, ingen lysande idé om kva ein kunne fylle denne nettstad med. Eit raskt overblikk over lokalet. Det måtte bli... trommevirvel... bøker! Rundt å ta bilete av flott rydda hyller og utstilte bøker. Og så får ein ikkje lagt ut dei ¤/&=()¤#%/&%¤&/ bileta fordi PC plutseleg set seg på bakbeina og så må ein berre ta nytt ansvar og reise til Otta på møte.

Omsider, etter mykje om og lite men, er bloggen difor fylt med bøker i dag, følgjarar! Sjef med liten s er så frimodig å kalle det Library art.







Ansvarsskrive av sjef med liten s




2 kommentarer:

  1. Jeg trenger hjelp! Husets yngste har akkurat lest Halvbroren, og er nå klar for Hamsun. Det hjelper ikke at mor heier på Sigrid Undset, hun skal og vil lese Hamsun. Jeg mener Victoria er en fin førstebok, men hva sier dere vise kvinner? Og vær så snill, vær enige med meg ellers må jeg stresslese Sult for den husker jeg ikke noe som helst av.

    SvarSlett
  2. Heilt einig med deg, fru Storlien! Victoria er ei nydeleg fyrstebok. Og vise kvinner heiar på Hamsun.

    Tre vise ved to av dei

    SvarSlett