Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 30. april 2013

"Umvelta ter se`..."

...sa kjerringa, ho snudde på rundbordet. Så også hos 3 vise. Det er med kunsten som med menneska;
...inntrykk og uttrykk...: Sminken må stå til fjeset.
farger om omgjevnader er avgjerande for kunstnarleg inntrykk. Eg har sjølv observert at knallrosa leppestift og blå augsverte ikkje står like godt til det etter kvart så leverflekkete, bleike fjeset mitt som for 25 år sidan. Gilde beltespenner på stramme lærbelte kjem heller ikkje heilt til sin rett mellom valkane lenger, og må såleis gøymast diskret lengst inne i skåpet i håp ei ny tid.

Glahn og Edvarda ugleovervåka
Med så mykje kunst å vera stolte over i gammelprestgarden har vi no innsett at ei omrokkering på kunstverka kanskje vil vera til det beste både for bileta sjølve og opplevinga av kunsten for gjestane våre. Karl Erik Harr sitt flotte bilete av Løytnant Glahn i omfamning med Edvarda har til dømes vorte nesten borte blant stor lyrikk og hardbarka krim i vaksenavdelinga, medan bileta vi stolte kan vise til som pris for bra bibliotekdrift har hoppa litt rundt omkring på leit etter varig opphald.

Sveitte i trøya og med hektiske kjakeroser kunne vi fredag ettermiddag stolte sige ned i godstolane og nyte utsmykkinga av romma våre med ny innsikt. Etter timar med klatring oppunder taket, pinleg unøyaktige målingar, ørten feilslåtte spikrar og ei skjemd saks etter sjefens insistering på at slik reiskap eignar seg ypparleg som spikertang, vart resultatet kort sagt bra! Vaktmeister Stein har fått nye utfordringar å bryne seg på framover våren med sparkling, pussing, maling og snekring, Skrinet med det rare i har fått velfortent plass ved inngangen, og bibliotekarane er tilfredse med eigen innsats i fleire dagar framover. Ta turen innom og sjå sjølv!

Ommøblert bloggar: Merete


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar