To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 23. april 2013

Som Verdas bokdag på vise kvinner

Da eg slo opp augene i dag tidleg og i neste augeblink slo opp på ein nattbordnær nettstad, lyste Verdas bokdag mot meg. Tusen tankar for gjennom hovudet. Aggresive avisoverskrifter kasta lange skuggar innover det morgontrøytte medvitet: LOMSSAKA: ÅRETS BIBLIOTEK HAR GLØYMT VERDAS BOKDAG! Kvifor var det ingen som nemnde dette i går? Eller førre veke?

Iblant legg vi ut på vandring. Iblant legg vi berre ut.

Men det hadde ikkje hjelpt, for førre veke var vise kvinner på avlogga vandring rundt i bibliotek-Noreg. #Denbiverknaden tittelen årets bibliotek kan by på! Tysdag morgon 04.30 hoppa den blå i bilen, sette i gang den oppbyggjelege Hyllest til den modne kvinnen, slo ein dobbel-Aksel og sette kursen mot Balestrand, Kviknes hotel og Bibliotekkonferanse i Sogn og Fjordane. Oppdraget var å prate om Lom folkebibliotek og samarbeid. Ho trekte sjølvsagt fram dei gode vogge-til-grav-samarbeidspartnarane våre, helsestasjon, skular og barnehagar, friviljugsentral, vaksenopplæring, aldersheim, nabobiblioteka, Oppland fylkesbibliotek, det lokale næringslivet med Bakeriet i Lom i spissen og ikkje minst, bibliotekbrukarane.

Førebuingar. Halv tolv.
Onsdag klamra ho seg til rattet og flaug med storm i kasta over Hemsedalsfjellet til Gol der the wise lady in red venta. Jammen skulle vi få lov til å opptre saman for bibliotekarane i Buskerud på bibliotekdagane deira. Buskerud hadde til alt overmål klint til med tittelen Suksess i Lom, lite, men best! Vi takka for tilliten og likte veldig godt å opptre i flokk. Nå vurderer vi å starte ei aggresiv marknadsføringskampanje for foretaket og tilby bibliotekføredrag i dyrebare dommar. For det er lurt å koma seg ut av eigen bokheim ein gong iblant, treffe andre bibliotekarar, utveksle erfaringar, få nye idéar og bli felles referanseramma av 799 seniordansarar frå Bergen.

NYTT FRÅ LOMSSAKA: Bibliotekar med twistpose observert i fullt firsprang over brua. Biblioteket deler ut sjokolade og Eit ord er eit under av Tor Jonsson. Fortsatt god Verdas bokdag!



Rita



2 kommentarer:

  1. Kven som helst kan gløyme seg av og til! Og me var iallfall veldig glade for å få besøk på Gol:)

    SvarSlett