Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 16. april 2013

Saker!

Deklamering av Aukrust frå scene.
SAKER! Tre vise har endeleg opplevd draumen over alle mareritt; å bli parodiert for eit større publikum!! Tidlegare har dei vise sjølve streva med eigenparodiering; vandra vårblaute avkrokar med boktralle og tørkle rundt gråna bust, deklamert Aukrust og Hamsun rundt fisige leirbål ikledd vadmel og rupsekk, samt selt utlesne bøker på martna og blunka lurt til kjøparane bak tømmertjukke langsyntglas i solide innfatningar. Vi har strekt oss langt for å oppnå blest omkring verksemda vår, og det har vore mange tunge tak bortetter humpete vegar og opp bratte scenetrapper. Det blir likevel tamt i høve det vi den siste veka har vore vitne til!

Med boktralle på vårblaute avkrokar
Lomsrussen 2013 har dei siste dagane herja grannebygdene med den heidundrandes revyen "Ei olympisk floke", ei satsing så vellykka at det laut ei ekstraforestilling til for å tilfredsstille det umettelege publikumet. Ein lokalt forankra revy med fantastiske, men uskuldige sleivspark til ymse kant, sterke karakterar, overraskande skodespelareigenskapar, skjulte songtalent og sexy dansarar. OL-borna må ha jobba fillene av seg saman med instruktør Endre Skjåk før denne maratonveka, og nordalsbygdene har prestert lattersalver som ville sprengt kvart måleinstrument for både decibel og lungekapasitet. Vi knyter av oss tørkleet for dykk!


Tre vise kvinns -av og med årets russekull!
Glansnummeret sett frå vise kvinner sin ståstad vart likevel "Tre vise kvinns" -ei grensesprengjande
parodiering av årets bibliotek som overgjekk våre mest hasardiøse fantasiar! Vi ser etter dette nye og store sjansar for verksemda vår, og reknar med at vi for ettertida har den staute ungdomen med oss på laget! Dessverre fekk vi ikkje tilgang til klyppet vi ønskte oss frå revyen då bloggen vart publisert i dag, men russen har lova å gjere sitt for at vi får høve til å publisere dette seinare. Som tidlegare går vi ei tung tid i møte med sårt sakn etter desse gilde ungdomane, men vi vil gjere alt som står i bibliotekmakta vår for å få dei attende til gamlebygda for ein trygg alderdom med nøgda av lesnad på nattbordet! Lykke til ut i verda kvar og ein av dykk!

Bloggar: Merete den Parodierte

Biletet frå revyen er lånt frå GD nett..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar