To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 9. april 2013

Ragnar Hovland og Diktardagar 2013

Ragnar Hovland blir årets festivalforfattar under Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå 1. - 4. august. Hovland er fødd i 1952 og er forfattar, omsetjar og musikar. Han er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur gjennom fleire tiår, full av spenstige innfall, merkverdige karakterar og populærkulturelle referansar. Skrivinga syner stor fabuleringsevne og ein burlesk humor som grensar mot det absurde. Han har også ein usvikeleg sans for dei ikke heilt veltilpasse i samfunnet.

Hovland debuterte som forfattar i 1979 med romanen Alltid fleire dagar. Deretter har han gjeve ut meir enn 40 bøker i alle sjangrar og for alle aldrar. Han har motteke fleire litterære prisar bl.a. Kritikarprisen, Melsomprisen og Brageprisen. I 2012 mottok han Aschehougprisen for sitt "fantastiske forfatterskap". Blant dei mest kjende bøkene er Sveve over vatna, Ei vinterreise, Åleine i Alpane og 1964. Han har skrive Dr. Munks popleksikon og i fjor kom Ler dei no, så har eg vunne av Halvor Folgerø og Finn Tokvam, ei bok om Ragnar Hovland.

Vi håpar at så mange som mogleg blir kjende med Ragnar Hovland og bøkene hans. Alle 3. klassingar i Ottadalsbygdene les i desse dagar Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlèt Pappkartongen. Etterpå skal dei teikne og male og lage kunstverk som skal stillast ut på biblioteka. Nokre på mellomsteget les Fredlaus, og rapportane seier at dei gjer det med stort hell.

Vi oppfordrar alle ungdommar og vaksne til å lesa 1964, ein oppvekstroman som tek pulsen på året 1964. Det året hovudpersonen i boka er tolv år. Det året han treffer Judith. Det året han gløymer korleis ein leikar cowboy. Det året pistolane vart tause.

Eg hugsar ikkje korleis vi gjorde det, sa eg.
Prestesonen kasta frå seg pistolen. 
Vi er blitt for gamle for dette, sa han. - Vi finn på noko anna.
Coyotane stilna heilt, hestane stoppa og begynte å henge med hovuda, og præriesola gjekk ned med eit lite dunk så heile naturen riste og noko fjorgammalt lauv datt av trea.
- Skal vi ikkje leike, sa bror min.
Kåre såg på meg som han skulle begynne å grine. Eg visste eg hadde tatt han med fordi eg hadde dårleg samvit, og dette hade vore sjansen hans i livet til å bli ein taus sheriffassistent.
- Berre leik, sa eg til bror min. Du har seks år på deg.
Vi skal kalle deg Den ensomme sheriffassistent, sa Erling. - Men frå no av skal pistolane teie. 

I tillegg til Ragnar Hovland vil forfattarane Britt Karin Larsen, Levi Henriksen, Tom Stalsberg, Vidar Kvalshaug, Johan Mjønes, Sylfest Lomheim, Magnhild Folkvord og fleire til, delta under årets Diktardagar på seminar, bokbad, opplesingar, skrivekurs og konsertar. Vil du gjera deg kjend med dei på førehand, så har jo biblioteket bøkene, hint hint.

Det endelege programmet blir snart å finne på ei heimeside nær deg.

Ragnar Hovland er også musikar, spelar keyboard og syng i bandet Dei nye kapellanane.



Rita

1 kommentar:

  1. Så fint program! Og no fekk eg ein god grunn til å låne ei bok av Hovland på biblioteket. Lykke til med arrangementet!

    SvarSlett