Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 25. juni 2013

Trekløver

Sjølv er eg midt i ein søskenflokk på tre. Som vaksen har eg vorte velsigna med tre barn. Båe trekløvarar som har forma livet mitt på kvart sitt vis. Trekløvarar  med sterke, grøne blad som har stått støtt i vind og styggevèr. Rotfaste planter som har vore mi trygge base i livet. No har eg lese om ein heilt annan trekløver. Ein som verkeleg gjorde inntrykk!



 
Vi dyra er ein liten, fortetta oppvekstroman av Justin Torres, ei lita bok som gjer djupt inntrykk på lesaren med dei usminka skildringane av ein rå og brutal kvardag for tre unge brør. Mora og faren kjem frå Brooklyn -han er puerticoranar, medan ho er kvit- og saman blir dei foreldre allereie før dei er knapt vaksne sjølve. Kjærleiken deira er eit farleg spel, og det utilreknelege sinnet til faren spinn som ein ustyrleg bumerang mellom dei ulike framiliemedlemmane. Stemninga i romanen vekslar mellom ei særeigent sterkt familietilhøyrsle og ei angstfylt, mørk einsemd. Forteljarstemma i romanen er yngsteguten i flokken, ein usikker liten gut som kjenner at han stikk seg ut blant dei andre i familien. Lesaren opplever både svolt, vald, stank, glede og angst om kvarandre -eit kaos av kjensler som reiv bringa mi filler, side etter side. Språkleg skil også boka seg ut med ein nøktern, rå stil som treffer brutalt utan høgtsvevande litterære utbroderingar. Gratulerer, Torres -ein debutroman av eit sjeldant leseverdig slag!

"..., disse fredfulle morgenene da vi pleide å lage havregrøt og slenge oss på magen med fargestifter og ark, med klinkekuler som vi passet på å ikke klirre med, da mora vår sov, da lufta ikke luftet svette eller pust eller jord, da lufta var rolig og lys, disse morgenene da stillheten var en hemmelig lek og en gave og det ene vi virkelig klarte -da ville vi ha mindre, mindre vekt, mindre arbeid, mindre lyd, mindre pappa, mindre muskler og hud og hår. Vi ville ikke ha noen ting, bare dette, bare dette."

Imponert bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar