To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

lørdag 6. juli 2013

Sommartider hey hey

Berre ei kort oppsummering før vi tek to veker bloggferie:

  • Sommar+Bok med armband er beint ut sagt ein formidabel suksess! 50 ungar har så langt levert skjema. 12 har allereie fått svart armband i lesing. Nokre har levert så mange skjema, at vi har kome ut av tellinga. Det vert meldt om høg interesse også i dei 5 andre kommunane. I Lom er det 3. klassingane som vi avslutta leseprosjekt med i vår, som er dei aller ivrigaste. Formidling funkar! Dette er fantastisk moro.
Foto: Skjåk folkebibliotek

  • Til tider ville tilstandar på biblioteket denne veka. Fastbuande, turistar, heimvende studentar, operasongarar, to gamle, orsak, evig unge, klassevenninner, den eine med eit spisstalent av ein konfirmant frå Bærum, den andre med ei tulle på to med verdas minste Pippi-flette, har gjesta bokheimen. Den eine viskvinna som har vore vakthavande, har hatt si fulle, men hjælma hyggelege hyre.
Foto: Torstein Husom

  • I bloggande stund skal skrivaren ferdigstille utstillinga som skal stå oppe i sommar. Alle 3. klassingar i Lom og Skjåk har lese Bjørnen Alfred og hunden Samuel av Ragnar Hovland og teikna eller måla til. Vi har fått inn veldig flotte kunstverk, og den 3. august kjem forfattaren sjølv og skal helse på ungane. Og kanskje klarar vi å overraske sjølvaste mr Hovland? Kven veit? Forfattar Vidar Kvalshaug blir også med på dette arrangementet og pratar om boka si Det var en gang en sommer om 22. juli for barn. Vi håpar at så mange som mogleg av 3. klassingane som har lese og laga kunst dukkar opp, og mange fleire barn og foreldre med dei.

  • Meir kunst skal det bli! 26. juli kjem nemleg Øistein med blyanten og tusen teiknetips. Han skal inspirere ungane til å lage kunst til temaet Det usynlige menneske. Dette er eit samarbeid mellom Øisteins blyant og filosof Øyvind Kvalnes som kjem hit 2. august under Diktardagar for å opne utstillinga og samtale med ungane om Det usynlige menneske. Beste Usynlige menneske-kunstverk vinn tur for to til Oslo og Teknisk museum. Kom, lag kunstverk, få gode teiknetips og bli med på morosame dagar med Øistein og Øyvind! 
  • Billettbestilling til Diktardagar er i gang. Sida vil bli oppdatert med profilering og meir informasjon om dei ulike arrangementa framover.
  • Sjølv om bloggen tek ferie, er biblioteket ope alle vekedagar frå 10.00 - 14.00, torsdagar 15.00 -19.00.

  • Same om du har eller ikkje har lese Is-slottet før, kan eg tilrå det på det varmaste. Kven i all verda maktar å skildre dei vare tonane mellom menneske betre enn Vesaas? Denne viskvinna las boka i sin pure ungdom, men dette er verkeleg ei av bøkene du skal unne deg fleire gonger i livet. Underteikna sette ny rekord i hyppige gåsehudopplevingar blant anna her på slutten av boka når dei går til is-slottet:
Kva vil du?
Det veit eg ikkje, sa han.
Ho kjende auga hans stadig. Han sa:
Her er det ingen som ser oss.
Siss svara:
Nei, ingen i heile verda.
Vi kan no hoppe over bekken, sa han.
Han tok handa hennar og dei hoppa over bekken saman. Det var rart, og så var det slutt. Han heldt veslefingeren hennar nokre steg etter hoppet. Det var òg rart, han merkte at fingeren grov litt inne i handa hans. Det gjorde fingeren av seg sjølv.
Dei slepte fort, gjekk fort rundt kjerret for å få blande seg med hine.

Slik kan det hoppast over ein bekk, men utdraget er så visst ikkje nok. Du må lesa heile for å få gåsehud og skjøne. God sommar!

Rita 

1 kommentar:

  1. Nei,no gler eg meg på ei sumarveke og ein haust i Lom! Siste halvdel av Is-slottet ligg og ventar på nattbordet heime, sidan påskevêret faktisk utkonkurrerte bokstabelen i år. Mykje fint i vente :)

    SvarSlett