Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 23. juli 2013

Påkledd -igjen...

Slike vi vinterdrøymer om...
Det kokar av sveitte kroppar, blenkjer i blanke solbriller og surrar i issvolten kvefs på
bergomsgarden. Sola breier brennande bølgjer over nakne akslar og helsar turistar og andre solsvoltne vesen god sommarmorgon i Nasjonalparklandsbyen. Endeleg har Lom på ny fått oppleve ekte heit sommar slik vi drøymer om gjennom bitande vintrar og stormfylte netter! D-vitaminanlageret fyllest opp, og vi kan gå neste mørketid friskt i møte.

Eremitttilvere med godt selskap
3 veker ute av drift gjer hugen heit og minnet dorskt i slik varme. Eremittilveret bortgøymd inni fjellet med bikkje, natur, bøker, blyant og vin er sjelebot for bibliotekaren. Omstillinga blir dertil stor når det vèrtekne fjeset må pussast opp att, kroppen må dekkjast med klede og håret lyt skine blankt over panna. Korleis var det no dei låg att, desse krokete hårstråa..?

Denne sommaren har barnebibliotekaren lurt seg til å lese opp til fleire "vaksne" bøker. Sommarflørten med "En mann ved navn Ove" starta det heile -ein mann eg i første omgang ikkje orka tanken på, men som seinare breidde ein varme i bringa mi som vil brenne lenge. Håpar verkeleg at mange lomverar blir kjende med Ove etter kvart! Sidan gjekk eg ned for telling med Thor Soltvedt, møtte Sofia under ei mindre vellykka reise til ein gresk lansdby, før eg saman med divergenten Tris forelska meg heftig i den gåtefulle Four. Åh, nok ei av desse fantasiske bøkene som gjer meg fjorten år att, pirrande nyfiken og sitrande forelskingsrusa... I går kveld løyste eg til sist mordgåtene i Ildvitnet, etter eit par intense dagar med drivande velskreven krim -noko som er heilt uvanleg lesnad for sommareremitten. Ved sida av meg på skranken har eg i dag lagt av "Rødt korn" av nobelprisvinnaren Mo Yan, og vil be pent om ikkje denne vil bli med meg heim i efta... Snart må eg vel over på barnebøkene att, og gler meg minst like mykje på dei! (...og bittelitt på at sjefen blir ferdig med ferien sin...)

 
 
Påkledd bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar