Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 3. april 2012

Bokprat & fingerprat

Hatten hadde vore høgare. Ein hadde vore på bibliotekplansamling og fortrengt i det lengste at ein skulle halde bokprat & fingermat dagen derpå. Ein måtte nytte tida godt og dei arme medvise måtte styre skuta i eigen majestet så lenge det let seg gjera #dennadagen. Medan sanden i timeglaset styrta som ein foss mot avgrunnen, leitte ein med lys og lykt innover dei tronge hjernegangane etter spor av innhald og gode grunnar for bøkene ein hadde lese gjennom heile den lange vinteren. Her gjalt det å verke overtydande!

Tre bibliotekarar skulle presentere sine utvalde favorittar blant ikkje-bestseljarane. Fordi det er vårt viktigaste kall å spreie den gode bodskapen som ikkje spreier seg sjølv i glansa magasin og heidersplassar i utstillingsvindauga. Å få folk til å oppdage forfattarskap og bøker dei ikkje visste om. Det var nytt for oss alle å bokprate for vaksne i flokk. Litt skummelt! Litt spennande! Det einaste vi var sikre på var at fingermaten frå Schakenda heldt mål. Det gjorde han.

Når sanden hadde lagt seg i dyna i botnen av timeglaset og vi hadde gjort så godt som gjerast kunne, når det hadde kome passe mange rundt borda, når dei attpåtil hadde fått mat i fingrane og drikke i glasa, kunne bokpratarane puste og letne litt. Dette var ei ny og spennande erfaring. Vi har lyst til å prøve på ny. Litt færre bøker. Gjerne litt fleire tilhøyrarar. Kanskje i eit lokale utanfor bokheimen? Gode idear skal takast imot med ein klem.


Postludium: Litteratur har ulike funksjonar. Skal ha ulike funksjonar. Ein kan lesa for underhaldning, for spenning, for konsum, for happy endings, for den råe romantikken, for kvardagsflukt, for livsvisdom, for nye sanningar, for å nyte eit rikt språk, for å gå på oppdagingsferd i nytt land, i nye hovud, for å finne skattar. Grunnane er greie. Og grunnane kan endre seg i løpet av eit lesande liv. Vi stiller bøker for ulike behov gratis til disposisjon. Kom og forsyn deg! Les on!

Rita

PS: Vi trur på formidlinga. Litteraturen ut av hyllene. Ut til folket! Kom til Fossheim i kveld kl. 19.30 og opplev fjellpoetane våre i fri formidling og utfalding. Om du vil angre? Nei! Det blir norsk kjærleikssong og vårblå himil i april.

3 kommentarer:

  1. Heisan,
    Så koselig dere har det på biblioteket i Lom!! Må nok stikke innom neste gang jeg er i området!!
    Må bare si at jeg er innom bloggen deres oftere enn jeg er i Lom, og jeg er mektig imponert over måten dere skriver på! Føler liksom at jeg er med og opplever "livet" deres der i biblioteket. Herlig!
    Nå er jeg på vill jakt i bloggarkivet deres,men finner ikke igjen den herlige "Krakken" til Merethe.
    Værsåsnill...kan dere ikke "blogge den i reprise"??????????? Pliiiiis????

    Ønsker dere en vidunderlig påske med en god bok i solveggen!

    SvarSlett
  2. Dette høres ut som et flott tiltak! - men hvilke bøker snakka dere om?

    SvarSlett
  3. Heisann -så festleg med påminning om Gammelkrakken! Den vart det blogga om så lenge sidan som den 26. februar i 2010, og han har vore sakna mang ein gong sidan... Skal forhøyre meg med sjefen om det er høve til repriseblogging, men no finn du han kanskje att sjølv også?
    Bøkene vi prata om Bokprat og Fingermat får vel sitt eige, velfortente innlegg, Bente :-)
    Atrig at de følgjer oss om de ikkje er så ofte i Lom også -det er nett det som gjer blogginga tenleg for oss. Tusen takk!

    SvarSlett