Kjuklingane stupte i koll bortetter borda her då eg kom flagrande med synnavinden ved høgst dag. Sjefen svinsa borti krokane med den eine bokstabelen tyngre enn hin, like blid og oppteken som før høgtidsdagane senka roa mellom hyllene. Bokkassa taut av utlesen krim, gjennombladde blad og velspelte filmar -så velfylt var ho at den overvise sleit med hengjelåsen, og postkassa til vidaregåande knirka i skøytane under tyngda vikariatet som ekstrabokkasse.
Fastbuande og visitterande i fjellbygda Lom les som aldri før, og i dag var dagen for litteraturfornying. Full rulle med innlevering og nye utlån, blide, påskebrune fjes og møteverksemd har prega dagen. Ho Sjølv gjekk i møtemodus med det same eg var i drift i dag, så det er ikkje mangt til kjeft vi har vunnest å rive i dag. (For uinnvidde ligg det altså ikkje noko negativt i å rive kjeft...)
Kjuklingane ligg no trygt stuva saman med nissen og engleskaren hans, medan påskeegga ikkje vanst fram i ljoset før høgtida var over i år. Det vi ikkje rakk til påske i år, vinst vi sikkert eit anna år, så det ser vi ljost på -som så mangt anna.

Merete
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar