Tre bibliotekarar skulle presentere sine utvalde favorittar blant ikkje-bestseljarane. Fordi det er vårt viktigaste kall å spreie den gode bodskapen som ikkje spreier seg sjølv i glansa magasin og heidersplassar i utstillingsvindauga. Å få folk til å oppdage forfattarskap og bøker dei ikkje visste om. Det var nytt for oss alle å bokprate for vaksne i flokk. Litt skummelt! Litt spennande! Det einaste vi var sikre på var at fingermaten frå Schakenda heldt mål. Det gjorde han.
Når sanden hadde lagt seg i dyna i botnen av timeglaset og vi hadde gjort så godt som gjerast kunne, når det hadde kome passe mange rundt borda, når dei attpåtil hadde fått mat i fingrane og drikke i glasa, kunne bokpratarane puste og letne litt. Dette var ei ny og spennande erfaring. Vi har lyst til å prøve på ny. Litt færre bøker. Gjerne litt fleire tilhøyrarar. Kanskje i eit lokale utanfor bokheimen? Gode idear skal takast imot med ein klem.
Rita
PS: Vi trur på formidlinga. Litteraturen ut av hyllene. Ut til folket! Kom til Fossheim i kveld kl. 19.30 og opplev fjellpoetane våre i fri formidling og utfalding. Om du vil angre? Nei! Det blir norsk kjærleikssong og vårblå himil i april.
Heisan,
SvarSlettSå koselig dere har det på biblioteket i Lom!! Må nok stikke innom neste gang jeg er i området!!
Må bare si at jeg er innom bloggen deres oftere enn jeg er i Lom, og jeg er mektig imponert over måten dere skriver på! Føler liksom at jeg er med og opplever "livet" deres der i biblioteket. Herlig!
Nå er jeg på vill jakt i bloggarkivet deres,men finner ikke igjen den herlige "Krakken" til Merethe.
Værsåsnill...kan dere ikke "blogge den i reprise"??????????? Pliiiiis????
Ønsker dere en vidunderlig påske med en god bok i solveggen!
Dette høres ut som et flott tiltak! - men hvilke bøker snakka dere om?
SvarSlettHeisann -så festleg med påminning om Gammelkrakken! Den vart det blogga om så lenge sidan som den 26. februar i 2010, og han har vore sakna mang ein gong sidan... Skal forhøyre meg med sjefen om det er høve til repriseblogging, men no finn du han kanskje att sjølv også?
SvarSlettBøkene vi prata om Bokprat og Fingermat får vel sitt eige, velfortente innlegg, Bente :-)
Atrig at de følgjer oss om de ikkje er så ofte i Lom også -det er nett det som gjer blogginga tenleg for oss. Tusen takk!