Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 27. mars 2012

A4

Dei vaksne kalla dei originalar...
Alle minnest vi ein av arten. Ein eller ei av desse som gjorde det vesle lokal-samfunnet vårt så fargerikt levande og attkjennande for ei lita barnesjel. Det var ikkje mange av dei, men dei var synlege i grenda -og dei fekk lov til å visast. Dei vaksne kalla dei originalar, men for oss borna var dei berre menneske som baud på litt meir av seg sjølv, sterke individ som for ettertida vart lagra som artige kappittel i minneboka. Oppvaksen i ein gjestfri heim og utan medfødde fordommar, kunne ein opp gjennom barnåra erfare at desse menneska sat inne med mykje livsvisdom som det var fruktbart å bere med seg inn i vaksenlivet. Felles for dei alle var at skilde seg ut på ymse vis -utan at dette såg ut til å vere tungt for dei å leve med. Truleg hadde barneåra ikkje fare berre godt med dei alle, men sterke i trua på seg sjølv fekk dei som vaksne ein aksept som ikkje alle er forunt. Dei høyrde til, dei var som eit varemerkje for grenda -og få vart meir sakna etter at dei fann kvila på kyrkjegarden. Då vart det stilt i solveggen utanfor butikken, fargelaust og trist etter vegen -og mindre å prate om over kaffekoppen, både på godt og vondt.

Verd å lese!
I dag er det ikkje rom for å utvikle seg i slik lei. Allereie før mor har fått pressrier, skal det nye individet registrerast i skjema -alltid, og utan unnatak, i A4-format. Det er ikkje rom for avvik korkje kroppsleg eller mentalt, og dersom kurva fell utanom snittstrekane på noko felt, blir det sett i verk tiltak for å motarbeide ei utvikling som ikkje let seg foreine med den samfunnsnorma papirryttarane har snekra i hop. Det snevre skjemaveldet forfølgjer det nye livet opp gjennom barneåra, i skulekvardagen kjem atter nye skjema inn. Krysse her og streke der, dra linjer og finne kurver, presse individet inn i eit snitt som stemmer med det andre har bestemt er rett for det. Avvik må utredast, behandlast og dyssast ned til eit minimum. Det er ikkje lenger snakk om å framelske særpreget, akseptere ulikskapar og hylle eit fargerikt samfunn av sjølvstendige liv som har trua på seg sjølv trass i at dei ikkje sklir inn i A4-formatet. Skjema er vel og bra til så mangt, men ikkje når det kjem til å setje menneske bås. Nett det er trist for oss alle.

I biletbokkassene har vi heldigvis fleire bøker som tek føre seg temaet om å skilje seg ut, og mange, mange fleire vaksne burde absolutt lesa fleire av dei! Den aller vakraste av dei passar også særs godt for årstida: Himmelspringaren av Sissel Horndal er eit vakkert eventyr om ei søye som føder eit lilla lam -les boka i påska!


Bloggar som fall utanfor skjema: Merete

4 kommentarer:

  1. Gler meg på den boka. Har tre "lam" sjølv med heilt ulike fargar. Det er det som er så spennande!

    SvarSlett
  2. Ååå, eg blir så frykteleg glad når eg les slikt, du kjære Anonyme! Heldige er vi som kan smykke oss med slike flotte fargar!

    SvarSlett
  3. Fint innlegg og godt tenkt! Det er bra at vi har gode bøker som tar opp slike tema, det gir oss en god inngang til samtale og refleksjon både med små og store. Jeg synes det er utrolig oppløftende å lese innlegg fra dere 3 vise:-)!

    SvarSlett
  4. Tusen takk for gode ord, Bente! Bøker er som du seier eit godt utgangspunkt for refleksjon, og emne er det nok å ta av. Dette er noko av det som gjer jobben vår så ekstra gjevande -å kunne bidra til ettertanke hos store og små. Litt krass var eg kanskje i blogginnlegget mitt over, men eg står for kvart eit ord :-) Ei god påske til deg!

    Merete

    SvarSlett