Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 20. mars 2012

Skriveføre

I midten av februar gjesta Ove Røsbak dei tre ungdomsskulane i Lom, Skjåk og Vågå og den vidaregåande skulen i Lom. Tre vise kvinner hadde hyra han inn som vismann og denne dagen var han ute for å tenne skrivelysta hjå den oppveksande slekt fjellfolk. Mannen lykkast fortreffeleg med sine krumspring. Han trefte dei dølane heime, og etter denne motivasjonsdagen strøymde påmeldingane inn frå dei smukke unge mennesker som ville bruke meir tid på å uttrykkje seg skriftleg saman med denne artige skruen av ein skrivekurslærar.
Kursstart kom med fuglesong, Schakendabollar og den vedunderlege lyden av klaprande tastatur frå dei unge hordene som gjekk amok ved PCane. Resultata var i følge kurshaldaren overraskande bra. Mange av tekstene inneheldt mogne, reflekteret tankar, ei inderlegheit som sette spor og fleire tekster heldt generelt høg litterær kvalitet. Og han understreka at han ikkje var like overveldande positiv overalt han ferdast.


I afterskrivinga funderte vi litt over kva som kan vera grunnen til at Ottadalen har desse lange og sterke tradisjonane for skriving. Kan det ha samanhang med naturen rundt oss? Er det dei høge, bratte fjella som stengjer oss inne i oss sjølve? Er det lynnet som gjer at vi ber sorger, suter og sakn fo oss sjølve? Er det fortsatt dei spottande smila Tor Jonsson skriv om, og som han sjølv var ein meister i å bruke, gjerne med ein spydig kommentar til, som gjer oss til verpratarar? Er det dette som gjer at mange tyr til skriving for å hanskast med tankar som dei elles strir med heilt aleine? Er dette grunnen til at området har avla så mange store diktarar opp gjennom tidene? Aukrust, Jonsson, Skrede, Bruheim, Ørjasæter. Og han som var i ein eigen divisjon med dølablod dundrande i årene, Knut Pedersen Skultbakken. Slik undrast og spør vi i stolte og motlause stunder, men hugse det skal vi: Eit ord er eit under!


Under har vi fått tilgang til ei av dei korte elevtekstene. Dette var ei av dei søte, glade. Det er da ikkje berre hat bak dimme ruter og sut under høge nutar heller. Iblant er det smil også. Snøsmeltesmil.

Smilet ditt er et smil i seg selv.
Smilet ditt, med smilehull.
Smilet ditt lager et nytt smil.
Smilet som kom lager nye smil.
Smiler som bare det.

Smilet ditt er vakkert.
Smilet ditt er deg.
Smilet ditt er grunnen til at jeg smiler.
Smiler som bare det.

Smilet ditt må aldri gå.
Smilet ditt må være her.
Smilet ditt er en skatt.
Smilet ditt må deles.
Smilet ditt er en skatt som alle trenger.
Smilet ditt er smilet mitt.
Smilet ditt.
Smilet mitt.
Smilet vårt.
Smiler som bare det.

Julie

Rita













Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar