Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 13. mars 2012

Pen brok.

"Så pen ei brok du ha  kjøft de! Denna blåfarga klædde du virkjele!" Sjefen har vore på bytur med den vesle raude (!), og som vanleg etter slike utflukter hadde ho også denne gongen fått klemt den smekre skrotten sin inn i nye, moteriktige kreasjonar. Etter den overraskande medisinske gladmeldinga om at ho enno ikkje er moden for delelageret, såg ho sitt snitt til å trakke catwalk framfor blankpussa speglar i tronge avlukke på overfylte kjøpesenter -because she was worth it.

Tante Grøn, Tante BLÅ og Tante Brun -ferdigdiskutert.
"BLÅ?? Detta æ da kje blå -denna brokje æ da LILLA!" Så er det i gang att. Ein ørliten positiv kommentar slik på morgonkvisten, og desibelsprengjande kvin sprett mot taket som ustyrlege pinpongballar. Forsterkingar lyt tilkallast, og logne 3.viskvinne -for tida under tilnamnet Tante Grøn- kjem ruslande med brillene pinleg nøyaktig balansert ytst på nasetippen. Etter spørsmål frå sjefen, stadfestar den eldste med tyngst kunnskapsballast at broka er... lilla. Eg har prøvd det før, det nyttar ikkje leggje inn protest. Eg gjer det lell.

Fargerik komplettering av seriar for barn og unge.
Utover dagen har Tante Brun (eller var det Grå?) heldigvis nok å hengje fingrane i med alle dei nye bøkene som openberra seg i postpakken frå Schenker, og overhøyrer såleis med glans ymtande kommentarar omkring farge på ditt og lèt på datt. Medan Tante Blå sveitta ut i prøveromma, kjende vakthavande bibliotekar nemleg si besøkjingstid i sjefsstolen, og brukte tida på å bestille ny litteratur for ein vårleg pris. Resultatet vart ei komplettering av seriar som Bartimeus, Septimus Heap, Lampeåndens barn, Milla, De udødelige og Twilightalvene på Regnbueøya. Emma og Thomas har også gjort seg fortent til ei nyinvestering, og blanke framsider skin mot oss -i fargesprakande layout. Ikkje spør meg om lèten. Kom heller og spør meg om ei ny, god ungdomsbok!

Men det er sant at broka var pen.


Bloggar: Tante Brun

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar