For snart tre år sidan, før viskvinnene hadde blitt vise og før håra hadde blitt grå, gjekk to av dei ei uvis framtid i møte. Den aller eldste som hadde vore her sidan tidas morgon, hadde blitt mett av dagane saman med oss og ville nyte livet saman med sauar og husbond i staden. Vi stod på trappa til å få ein ny organisme inn i det vesle økosystemet vårt. Vi drøymde i korte glimt om høge mørke biblioteKarar å dele knekkebrøda våre med, men innsåg fort at slike ikkje veks på korkje på tre eller ymist lag. Ein slik ville uansett ta for stor plass på pauserommet. Etter månader utan sømn og neglar, openberra det seg ein dag eit ljost hovud i døra som lurte på om ho kunne få innpass hjå oss. Dei to til tider samkøyrte, snuste prøvande på tanken. Både var ho yngre og blondare enn oss, og ho hadde vore Sjef over hordane i helsevesenet. Slikt kan få sjefar med liten s til å skjelve i skjørta.
Etter at den verste skjelven hadde lagt seg og den stakkars nye hadde vant seg til nykka til dei etablerte kollegaene, var det nye økosystemet i gjenge. Det ljose hovudet lærte fort og nikka smilande til alt frå kundar til nye arbeidsoppgåver og galne påfunn. Vi veit ikkje om det skuldast alder eller miljø, men etterkvart har ho tødd meir og meir opp og drista seg til både å syne seg fram på bloggen og i full kumundur. Med sitt milde vesen og leathermanen sin, har ho gjort systemet vårt rikare. Det er også ho som tek seg av kjendiskundane våre når slike kjem i hus. I etterkant dumpar det da gjerne inn gåvepakningar osande av dyrkjøpt herreparfyme. Økosystemet skakar litt i samanføyingane ved slike høve, men det går seg til att og vi forstår kjendisen.
Kjære Aud, det er med eit aldri så lite sukk av lette at vi ynskjer deg velkomen inn i dei vaksne viskvinnenes rekkjer i dag! Endeleg, endeleg, det seier vi deg, velkomen etter!
Frå russerevyen "Ut av isen" Foto: Fjuken |
Med ynskje om ei god helg til ungdommar i alle aldre, "solskinn og brød og ånd eies av alle"!
Rita
Hjarteleg, hjarteleg, det seier eg deg, Rita (og sjølvsagt Merete òg) døkk har teke svært godt i mot den unge og blonde mikro-organisma som banka på! Slik som døkk strålar som 40-åringar, har eg ikkje grua meg eit sekund til å runde år, og iallefall ikkje i lag med døkk! Kven i all verda skulle tru at eg kunne, utkledd som ku, synge i full offentlegheit, eller sprade rundt som bamse ein dag kvart år?! Bokleg lærdom er viktig, men jammen har døkk gjeve meg mykje anna lærdom, som er minst like viktig! Tusen takk vise kvinner!
SvarSlettVi trudde på deg både som binne og ku, Aud! Ein kan lære mykje av folk som har levd ei stund...;-) Takk i lige måde, viskvinne!
SvarSlettR