Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 12. april 2011

Read me!

Sjeldan har morgonkaffen i skuggelagt bakside vore så fornøyeleg som denne klessblaute tysdagsmorgonen. Lykkelegvis var bikkja så vérsjuk at ho somna med nasen kvilande i glaskarmen midt i skatogjetinga, og dermed kunne matmor benke seg i sofaen med restar av størkna pannekake frå i går, fersk kaffe og ein stabel flunkande nye barnebøker.

Allereie før den seige pannekaka var oppeten, hadde sofaslitaren lese ut "Heksenes hevn" av Joseph Delaney. Boka er den første i serien "Den siste lærling", ei fantastisk bok som har miksa magisk skumle bilete i hovudet på underteikna fleire kveldar etter sengetid. Serien har røter i tradisjonsrike folkesagn, mytologi og geografi frå Lancashire, og kombinerer spennande historieforteljing med isande grøss. Hovudpersonen Thomas Ward er den sjuande sonen av ein sjuande son, noko som gjev 13-åringen heilt spesielle evner. Han blir sett i lære hos skrymtvaktaren, som i årevis har verna folk mot spøkjelse, attgangarar og hekser, og vi følgjer den unge tenåringen gjennom ei vanskeleg og skremande læretid. Nok ein flott roman for fantasylesarane våre!

Alle vaksne bør før eller sidan ta seg nokre minutt tid til å lesa boka "Teo i trøbbel" av Solveig Blindheim Bendixen. Ei velskreven, knøttlita nynorsk bok om 1.klassingen Teo, som er livredd for basseng etter ei vond oppleving i barnehagen. Då læraren fortel at dei skal ha svømming kvar veke, får Teo sjokk så han held på å dytte ut den lause framtanna han sit og riglar på med tunga. Problemet er at omgrepet "veke" er framandt for han, noko som gjer kvardagen framover skummelt usikker. Denne vesle perla er eit tankevekkjande lite dokument som syner godt kor bokstaveleg born oppfattar det vi seier, og kor store misforståingar dette kan føre til for dei små. Forfattaren har sjølv sitt daglege virke i skulen, og har tydelegvis stor innsikt i barnesinnet. Ei bok å bli glad av, til glede og nytte for store og små både på skulen og heime.

Til sist kan eg ikkje unngå å nemne stutt ei fornøyeleg lita bok spilloppmakaren Bjørn F. Rørvik nyleg har gjeve ut, gjennomillustrert av Thore Hansen sin karakteristiske strek. Med ein slik duo produktet berre bli skrekkjeleg artig! I boka "Den lille penselen" får vi høyre om den minste målarpenselen til Edvard Munch, som blir mobba av dei store, velbrukte penslane. Dei stiller seg alltid fremst når målaren skal måle, og hevdar at den vesle penselen er ubrukeleg. Ein kveld blir han til sist dytta ut av skåpet, og må søkje trøyst hos den digre støvkosten. Om natta bryt ein tjuv seg inn i huset for å stjele eitt av måleria til Munch, og dei nye vennene må freiste å vekkje kunstnaren. Denne boka bør bli eit takknemleg tilskot for alle lærarar som skal jobbe med Munch i småskulen - lesast!

Bokpratbloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar