Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 8. april 2011

Bakromsliv

Etter nokre dagar med lerkesong og tru på vår, sette det i gang att. Dei trassige snøfillene susa i hui og hast forbi glasa i den gamle prestegarden, medan eg satt i trekken og drakk gloheit kaffe for å få att varmen i forfrosne hender og herdar. Vinden utanfor var så kvass i kasta at ein berre kunne gløyme å setje ut skiltet som varsla om at vi heldt ope. Eg satt og grua for å gå heim. Ut i kalden. Heim til vedfyring, sorp,oskegøyve og dunjakketvang. I løpet av denne fimbulvinteren har det dagleg vorte utkjempa kampar mot forvitra leddkapslar, nedrima bilruter og trekkfulle glas, til tonane av grå og dystre vintertankar. Eg er lei av å fryse! Eg må vera skapt for eit varmare land. Som til dømes landet der framme, i hjarta av bokheimen.
  
Bakromsliv
Der framme i skrankeområdet høyrde eg vakthavande boltre seg i viltre passiarar med trivelege lånarar, eg høyrde den trillande vårlåtten og drag av varme vindar fann vegen inn på bakrommet. Men ein skal ikkje bruke livet til å trå etter skrankeplassar, så eg kasta meg over bunkane med spennande gule lappar på eigen pult. Øvst låg ein lapp med Ring! Det gjaldt ei avklaring kring bruk av eit fjelldikt. Eg nemnde namn og at eg ringde frå herverande bibliotek. I andre enden høyrde eg ei  røyst svare så avmålt "Ja vel" som det går an på eit velklingane Oslovestsk. Men ettersom samtala skreid fram, tippa røysta over frå skepsis til begeistring.

Foto: Helge Kaasin
Dette prosjektet tykte røysta om, klart vi skulle få bruke diktet, det fanst attpåtil ein illustrasjon til diktet av Dyre Vaa og ein versjon av det som forfattaren hadde lese inn sjølv, om vi villle bruke det opptaket! Fryd på bakrommet! Trekken frå glaset var dogg for sol, draumen om skrankeplassen like så. Neste lapp: Bilete av vardar. Fann eit nydeleg eit i biletsøk hjå mr Google, sende e-post til fotograf, svar to minutt seinare. Fotografen fall for prosjektet, ein skikkeleg fjellmann, meisterleg fjellfotograf, skreiv attpå til dikt sjølv. Og hadde bibliotek som fanesak! At det går an! Fryd i andre potens!

Gå så langt du kjem inn i avd. skjønn vaksne, turn right!
Litt lenger fram på ferdi vart det enda meir å verme seg på, malmfulle mannerøyster frå eigen region har festa heimlege fjelldikt til mp3-filer, aviskroken vår har fått ny look etter at to av viskvinnene heiv seg rundt ein av dagane, og vi fekk høve til å prise oss lykkelege over at alle tre fortsatt er i godt hald og grei forfatning. God og varm helg!

Bloggar: Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar