Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 5. april 2011

De´ her e boka mi -på papir!

Som ei av dei mest verdsvante lånarane våre har Ingrid Halle ofte noko nytt og spennande å fortelje oss om stor litteratur. For ei veke sidan hadde ho ein lengre introduksjon for den meir stadbundne, patriotiske bibliotekaren på skrankevakt om den finurlege oppfinninga lesebrett. Ein hendig liten sak som papirbokelskaren etter kvart måtte vedgå var tenleg om ein skal ut i den vide verda. Fleire tusen bøker kan ein ha liggjande lagra inne på det vesle brettet, som ikkje krev større plass enn ein gild pengepung. Med rom for notatar i margen må vel dette vera den perfekte investeringa for skuleelevar i framtida?

Men heime i Lom er Ingrid trufast bibliotekbrukar som sluker bøker med gild apetitt. Den beste av dei siste bøkene ho har lese, deler ho gladeleg med andre. Boka  Lakunen av Barbara Kingsolver er ei vakker, storslått, levande og politisk bok som spenner over fleire tiår (hovudsakleg 30- og 40-talet) og to til tider ekstremt motstridande kulturar. Den handlar om mat og kunst, om revolusjon og frykt, men kanskje aller mest om å skape seg ein identitet. Politiske hendingar og personlege tragediar trer fram gjennom dagboknotatar og avisutklipp av hovudpersonen Harrison Sheperd. Han søkjer tilflukt i heimen til kunstnarparet Diego Rivera og Frida Kahlo, og utviklar som deira personlege kokk etter kvart eit nært venskap med Frida.

Denne romanen blandar på meisterleg vis fiksjon med verkelege historiske fakta, og skapar ei forteljing som er dramatisk og overveldande, gripande og ekte. Forfattaren tek eit skikkeleg oppgjer med kommunistjakta i USA som øydela tusenvis av menneskeliv på 1950-tallet, ei tid som skulle vere prega av optimisme og tru på det erkeamerikanske, medan jarnteppet sakte seinka seg. Ingrid meiner forfattaren skildrar drivande godt kor vanskeleg det var å vera poilitsk radikal i Mexico på denne tida, og anbefalar boka på det varmaste. Forfattaren vann Orange Prize for denne boka i 2010.

Ingrid pratar også engasjert om bøkene Den motvillige fundamentalist av Moshid Hamid, og The power of one  av Bryce Courtenay -båe to bøker som har gjort sterkt inntrykk på henne i seinare tid.

Tusen takk til nok ein raus lånar for gode boktips!

Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar