To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 1. april 2011

Evig skal døden vera

Evig skal døden vera
Som vi yndar å nemne både tidt og ofte her på bloggen, har Ottadalen og Lomsbygda lange og stolte tradisjonar for skaldskap. Av lomverane kan vi nemne dei tre store, Aukrust, Jonsson og Hamsun, som har skrive seg inn i den nasjonale  litteraturhistoria for godt, den eine enda til inn i den globale. Vi har Vera Henriksen som har budd i Lom i ei årrekkje. I tillegg er det avla fram fleire mindre kjende skribentar her. Det er med fryd å melde at bygda har fostra eit nytt forfattarpar som fører den skrivande tradisjonen vår vidare. Den rykande ferske duoen med det velklingande namnet Kroken&Kolden er på bana med  kriminalromanen "Evig skal døden vera".

Handlinga er lagt til påskehøgtida i Lom sentrum og Bøverdalen. Det vrimlar av turistar i bygda og blant desse går det laus ein mordar. Ei kvinne blir drepen på hytta si, ei anna i sentrum midt i den mest hektiske påskehandelen. Mordaren ser ikkje ut til å sky noko for å fullføre gjerninga si. Han har eitkvart å hemne frå ungdomstida. På lista hans står det fleire namn.


Frå lanseringa på Kvaale gard. Foto: Fjuken
"Eg har eit slags trykk inni meg. Slik har det vore så lenge eg kan hugse. Somme gonger svakt, andre gonger kraftig. Det sitrar, liksom. Ei ubestemmeleg uro som set meg i rørsle. Da må eg ut å gå. Eller springe. Eller  grava meg ned i arbeid. Eller eg kan ta bilen og køyre av stad. Så - plutseleg -var det akkurat som det eksploderte, kom til overflata, som om det var søkkt  i vatn og plutseleg flaut opp og vart som ei bølgjande uro som berre måtte få utløysing."

Milo slukte boka rått!
Forfattarane skriv lett og ledig på eit velklingande nynorsk. Dei krydrar forteljinga med presise miljøskildringar som gjev boka ein ekstra dimensjon for lesarar med god kjennskap til bygda. Når det er sagt, går det fint an for folk frå "an stann" å leva seg inn i handlinga og bygdelivet nettopp gjennom dei gode miljø- og personskildringane. Persongalleriet består dels av oppdikta karakterar og dels av verkelege personar som bakar Morten, ordførar Simen og kulturbonde Endre. Trass eit alvorleg tema, sit ein att med ei god kjensle etter endt lesing. Boka ber preg av forfattarar som har kosa seg kriminelt med skrivinga. Underteikna gler seg på oppfølgjaren og særleg til å bli betre kjend med etterforskarane Seljestad, Joten og Vold som ho håpar blir med vidare. Dette er ein kriminalroman til å bli glad av og i. Lykke til vidare Kroken&Kolden!

Tre vise ynskjer dykk ei kriminelt god helg. Det er vår i hangande snøre!

Nattbloggar: Rita

6 kommentarer:

  1. Har akkurat lese ut boka. Er imponert. Veit ikkje kva som imponerte meg mest, om det var sjølve historia eller kjensla av å kjenne att folk og stad. Må tenke litt på den. Anbefaler iallefall boka varmt vidare!

    SvarSlett
  2. Det same gjer vi! Og gler oss på meir!

    SvarSlett
  3. Får følelsen av at man leser mens liket ennå er varmt! Jeg likte boka veldig godt, anbefales til alle og også de som ikke leser krim til vanlig!

    SvarSlett
  4. Skal bli moro å lese denne! - Og tittelen blir som en ekstra appetittvekker, med det elegante utdraget av den kjente påskesalma! Det gir en litt ekstra snert, tykkje e....

    SvarSlett
  5. Einig med dykk båe! Likar også godt tittelen! Likar nesten alltid godt sampling frå songar:)
    R

    SvarSlett
  6. Jippi, her var det mange trivelege kommentarar! Tusen takk.
    Vigdis

    SvarSlett