Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 29. mars 2011

It's Grease time!

Etter å ha samla ein del år på baken (og diverse andre stader, som t.d. rundt mage, lår, leggar, overarmar, hakeparti, men dette var ein digresjon..) kan ein få såkalla flashback av så mange ting. Erfaringane sit som årringar rundt ein. Både lydar, lukter - og ikkje minst åsyn kan bringe fram minne av ulik karakter, nokre dårlege så klart, men dei fleste gode - reint så ein får stjerner i augene.




Sist søndag hadde eg ein slik sterk, svært sterk, tur attende i tid. Ikkje saman med Märtha eller Ari, men eg var så heldig at eg fekk vere med svigerinna mi på litt over 30 år (snill nå vel Bente?), og dotter mi på 11 år på eit fantastisk Grease-show i kulturhuset i den vesle storbyen, Otta. 11-åringen viste nok ikkje heilt kva ho gjekk til, sjølv om vi to "teenage-pudlane" spelte den bortimot 30 år gamle Grease-CD`n i bilen nedover, den unge frøkena skulle da bli litt kjent med tidlegare tiders rock på turen. Vi to vaksne fekk raskt raude kinn, nynna kjent med musikken, medan den yngre generasjon nok egentleg ikkje tykte dette kunne vere så mykje og bli "høge" på. Vi inntok kulturhuset med litt ulike forventningar kan du seie.


Men; kvelden vart ei stor oppleving for både små og store! Ein ting er musikken, historia, det å bli dregen så til de grader attende til eigne yngre dagar - men like fantastisk er det å sjå og høyre dei modige lokale ungdommane som spelar i musikalen! Eg vart så imponert over dans, sang, sangstemmer og entusiasme. Dei vil og dei kan, dei har brukt annakvar helg sidan oktober på øvingar, kvar kveld siste veka før premiera, lagt til sides skulearbeid, fritidsaktivitetar og søvn - for at vi skal få servert eit forrykande show. Heldige er vi - og slik seier vi det med deira eigne ord:

Har du problemer og er pessimist, og du vil snu på det og bli en optimist?
Det er ingen fare, du kan få det til!
Ja bare drøm deg bort og til det livet du vil!

Biblioteket har bestilt den originale Grease-filmen, og vi ventar sårt, saman med andre på ventelista. Medan vi ventar kan vi bruke tida til og sjå andre godbitar av filmsamlinga her.



Vi har Mamma Mia og Hair, men ynskjer oss Fame og Flashdance i sjangeren musikaler, enn så lenge har vi andre gode filmar vi kan rekomandera. Sjefen er nemleg ein smule kresen, kun dei beste filmane, og klassikere skal kjøpast inn.
Oversikt over dei nyaste filmane våre finn du her.

Mov(i)e on!

Bloggar: Flashback-Aud

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar