Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

onsdag 20. april 2011

"En skulle hatt en Onkel på biblioteket..."

Dame som veit å merknadsføre heimbygda si!
3 vise har hatt ei flott hektisk avslutning før påska med storinnrykk av kriminelt sugne lånarar. Dei lokale heltane -og mordarane- er utselde og utlånte med milelange ventelister, og fortvilte fastbuande og turistar som ikkje har skaffa seg godbiten enno, lyt smørje seg med anna enn berre sololje dei komande vekene. Her i bokheimen har vi vårt fulle hyre med å rekne talrike terningkast med mange prikkar, og sender varme tankar til Kroken og Kolden for den gode reklama desse damene har gjeve heimbygda Lom den siste tida. Stas!

Avspasering med etterutdanning...
På siste skrankevakt før dei raude dagane hadde underteikna i går ein særs god dag. Finvéret stogga ikkje lånarane i å strøyme på for å sikre seg nøgda med lesnad for heilagdagane, og sjefen som avspaserte med oppgåveskriving på bakrommet sleit stygt med konsentrasjonen med all skratten og den blide småskravlinga den undervise levde seg inn i framme i manesjen. Lykkelegvis for henne kom ein stram kar med nypussa opptaksutstyr og okkuperte tida hennar for meir utovervendt aktivitet, og no gler ho seg nok stort på den lokale nattradiosendinga som i kveld har innslag frå gammelprestgarden.

"En skulle hatt en Onkel på biblioteket..."
Om ikkje dagen hadde vore ein opptur tidlegare, vart avslutninga likvel det skrankevakta vil hugse lengst. På tampen av eftan kom ein godsleg far og onkel ruslande inn med tre sprudlande jenter for å innhente spenning og hygge for påska. Framleis med eit yrande liv i skrankeområdet sette Onkel seg ned med minstejenta på fanget rett bortanfor inngangsdøra og las høgt, til glede for både veslejenta og alle oss andre inne i biblioteket. Sjølv drøymde eg meg attende til barneåra, då eg kunne krype opp i eit varmt fang og få fantastiske opplevingar servert frå ein trygg vaksen -som både kunne forklare meg alt eg ikkje heilt skjønte, og trøyste meg dersom spenninga vart for dryg. Vi veks aldri frå den gode kjensla som breier seg i skrotten når einkvan tek seg tid til å lesa høgt for oss, og for den som attpåtil delvis jobbar med dette sjølv, var dei ei stor glede å få ta del i denne kveldsstunda. Vi høyrer jo rett som det er at mødre les litt for sine små i bortgøymde avkrokar bak hyllene, men det er mildt sagt meir sjeldan at ein mann på eige initiativ set seg midt i rommet og formidlar barnelitteratur med stor innleving. Uvitande om at han hadde gjeve meg og andre ei rørande fin oppleving, vinka Onkel seg ut i vårbrisen med tre lykkelege tupper trippande rundt seg med eit stort God Påske hengjande att i lufta.

Med ønskje om ei god påske og fine høgtlesingsstunder til alle små og store!

Fangbånbloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar