O, for ein strålande morgon, o for ein strålande dag! Seinvakt er tingen når himmelen skimrar i raudt og gult bakom skoddelaget og skato kneisar i kvass positur mot islagte toppar, trygt stasjonert i hengebjørka tett attmed frøstasjonen til småfuglane. Slike morgonstunder gjer baksidebibliotekvinna linn i hugen, fotoapparatet lyt fram, bikkja må vekkjast og Skodaen tinast for ein kjapp fjelltur i grålysninga. Oppetter setervegen ligg no kjøvingane tjukke og veltar seg utover skråningar og fyller grøftene med blåis i skimrande nyanser. Musefamiliane oppetter fjellsida har trakka harde, knøttsmå stigar mellom kjørra i sin iver etter å fylle opp matlageret, og dompappen leikar gøymsel mellom rimfrosen granbar.Synet boffa og eg kan ta innover oss når vi sveitte og tungpusta når den vesle toppen vi har sett oss ut denne morgonen, er mektig overveldande -sjølv om vi har opplevd liknande fleire gonger før. Heimbygda ligg kjøleg innpakka under tung skodd, Høgkollen kneisar kry midt i dalen og helsar "God morgon" til den duse raudleten som badar Rondane i morgondisen. Fjellbjørka sprikjer med nakne greiner mot ein kvass, klarblå himmel, og vi enser ikkje anna enn dette: storslegen natur og andelaus stille. Heldige meg som bur i denne fagre bygda Lom! Ein stad på jorda som lyt nytast i stort format :
Høgkollen stikk opp av skodda.
Blåhø og Rondane mot raud morgon.
Fjellbjørka strekkjer nakne greiner takknemleg mot himmelen.
Nasjonalromantisk bloggar: Merete


Dei to nederste bileta lyt ein klikke på for å få dei i rett format! Ufortent kutta i blogginnlegget...
SvarSlettFlotte bilder og tekst, nasjonalromantiske Merete!
SvarSlettHihi -tusen takk, Eldbjørg!
SvarSlett