To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 19. november 2010

Need some hot stuff?

Medan media denne veka har fløymt over av oppslag om ein prest og hans tiss og om politigutar som har drive balansekunst på kanten av lova (PST, ikkje sei det til nokon! Nei da, vi held POTte tett!), har dei tre vise fryda seg over andre og mjukare nyhende. Dette har nemleg vore ei særs gledeleg veke for oss bibliotekarar!

Tysdag fekk bibliotekar Marit Hallen Ålreit dame-prisen utdelt av sjølvaste Jo Nesbø, initiativtakar og styreleiar i Harry Hole-stiftelsen. Nesbø inkluderte like så godt heile bibliotekarstanden i utdelinga og uttala at bibliotekarar er ålreite damer. Slike menn kan vi lika, Jo! I går var vi så heldige å ha den ålreite dama som bokpratar på Otta. Ho og to andre dyktige bokformidlarar presenterete årets barne- og ungdomsbøker for ei lydhøyr forsamling beståande av lærarar, bibliotekarar og førskulelærarar frå heile dalen som nå er nyinspirerte til å gå ut i verda og gjera alle barn til bokelskarar. Vi seier oss einige med Jo og ropar hipp hurra for Marit!


I tillegg er bibliotekarar i ferd med å bli hot stuff. Bibliotekarlook er den store, nye trenden i haust, tjukke briller kombinert med knute i nakken har endeleg blitt in! Nå går bokrydding og registrering som ein leik, og vi merkar som ved eit trylleslag ei rankare haldninga og eit meir grasiøst ganglag tilpassa catwalken.

Når i tillegg Norges mest sexy mann er ein forfattar med stor F og Magasinet har blitt kåra til Europas beste, tullar vi oss inn i tjukke lag av god sjølvkjensle og tek helg med ei usannsynleg sjølvsikker mine kva smak og behag angår. Yeah!




Boktips for helga: "Før jeg brenner ned" av Gaute Heivoll, nominert til Brage, Ungdommens kritikerpris og Bokhandlerprisen. Hurra for gode kåringar!

Rita, pr i dag sjølvsikker til det kvalmande

11 kommentarer:

  1. Må spare til langt hår hvis jeg skal henge med, skjønner jeg. De nye brillene ble bestilt mandag denne uka. Jeg eliminerte dessverre Danielutgaven, men det var fordi de ikke hadde neseputer. Da kan det vel være det samme med knute i nakken også.

    SvarSlett
  2. Eg trur det kan gå bra utan Daniel og knute. Berre du får dei nye, tjukke brillene så heng du nok med, Eldbjørg! Hugs det er vi som set standarden nå!
    R

    SvarSlett
  3. SUPERBRA bibliotekarlook, damer! Catwalken har gaatt glipp av noko stort ;-)

    SvarSlett
  4. Catwalken ventar! R

    SvarSlett
  5. Herlege bibliotekdamer oss har i Lom altså - ikkje berre er dei gode på lesestoff dei er jammen skodespelarar og TOP-models på høgt nivå!!!!!!! Skratta godt her . Knalle bilder og blogg atter ein gong!!! God helg :-)Gerd M

    SvarSlett
  6. Hehe, dette er kvardagen vår, Ola-Matti! Vi har ledd og kost oss på bloggen din i dag au. Og vi set stor pris på nye følgjarar! Velkomen!
    R

    SvarSlett
  7. Trivleg Gerd M! Vi set stor pris på dykk au. God helg! Vi øver catwalking!
    R

    SvarSlett
  8. Skodespelarar, seier du, Gerd M.?? Elles takk for cat-tipset -håpar berre eg får ta med kleklypa...
    M

    SvarSlett
  9. Eg tykjer brillene må vera med på fotoshooten vi skal ha!

    SvarSlett
  10. Haha, vi får sjå på det, Marit!
    R

    SvarSlett