Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 23. november 2010

Ynskjeliste i rosa...

Det er råttent gjort og skrive så artig og lettlest ein blogg som sjefen gjorde sist fredag - og så må nokon andre ta seg av fortsettelsen! Dette kan aldri bli like bra, men ein liten undersott med hestehale og linser i staden for knute i nakken og moderne store briller på nasen får gjere så godt ho kan. (Hadde eg hatt like store briller som sjefen, skulle eg sett stort på det, men..)



Rundt oss vrimlar det av julebøker, julefilmar og ikkje minst strøymer det vakker julemusikk frå sjefens kontor, pepperkakene er på plass, vi har snart full julestemning i den gamle prestegardens hovudbygning! Men; det kjem tider etter jul òg.. Og eg er i gang med ynskjeliste for stæsh til biblioteket - som heretter må tilpassast dei mest trendy bibliotekarane - må utnytte sjefen sitt sjølsikre sjølbilde må vite! Sjå berre her kva som finst tilgjengeleg:

Kvifor skal kopimaskiner vere grå? Tenk for eit lysande monument i skrankeområdet vårt! Eller....

Vi treng alltid ein hammer, ei tang, eller ein drill når vi svingar oss langsmed golv, tak og vegger for å lage utstillingar som skal vekkje lånarane sine sansar - kvifor kan ikkje utstyret vere rosa? Det passar for øvrig svært godt samen med den mellomvise sine kopp med rosa griser på. Og for ikkje og prate om våre candy-laptopar...





Mange av oss er vel i meir lilla enn rosa modus nå når adventstida er like rundt hjørna, men la oss likevel anbefale ei av våre nye rosa, men spennande ungdomsbøker Perfekt.
Mørkt, mystisk og glamorøst -- det er berre utanpå dei små, søte løgnarane er perfekte! I ein by der sladder sprer seg som eføyen på herskapshusa, der mysteriar gøymer seg i velfriserte hekkar og skjeletta trugar med å dette ut av eit kvart walk-in closet, er fire perfekt utsjåande jenter på langt nær så perfekte som dei ser ut. Spencer, Aria, Emily, Hanna og bestevenninna Alison var ein gong dei jentene som hadde noko betydning i Rosewood. Alltid med dei lekraste kleda og dei dyraste skoa; perfekt sminka og alltid solbrune. Dei var jenter som alle dei andre jentene på skulen såg opp til -- men i hemmeligheit hata. Særleg Alison. Så da Alison forsvann på mystisk vis, var sorgen dei fire andre kjende også blanda med ein viss ... lettelse.

Heilt utan samanlikning med 3 vise kvinner altså, for her rår den gode tonen og optimismens ånd!

Aud er dagens Dolly-med-hestehale-bloggar 







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar