Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 12. november 2010

Vinterdepresjonar og andre bollar

Etter skrapinga. Sjå det kalde blikket!
Dei ljose, lette sommarmånadene er definitivt over. Sola klatrar ikkje lenger høa og vi ser ho berre på toppane i klårver. Den ikkje alltid like vise viskvinna har håpa i det lengste at i år ville det ikkje skje og har trassa termometer og sunn fornuft og køyrt med sommardekk heilt til starten av denne veka. Den vesle raude taklar vinter og kalde grader like dårleg som eigaren. Vi har eit iskaldt tilhøve om vinteren, prega av slitasjegiktiske leddkapslar, forkalka forgassarara og eit elles nedrima syn på tilveret. Verst er det om morgonen. Eigaren som aldri finn vottane når ho har bruk for dei, skrapar rutene med ein tøtch av naglebit og tek ut all aggresjon gjennom isskrapa. Bilen ynkar seg og saknar ein eigar som dullar, pluggar motorvarmarar og breier over pledd så han held varmen om natta. Han  hevnar seg på den alltid like irriterande måten med å halde seg kald og roleg og nekte å late att dørene. Når vi omsider kjem oss på vegen, må eigaren halde døra på førarsida fast med eine handa, skrape is på innsida av ruta med den andre og styre og gire med dei to ho ikkje har. Gjev vi var i eit varmare land, tenkjer vi i kor.

Dette er ein relativt vanleg start på dagen for den ikkje alltid like vise. Det er difor godt å koma på jobb, særleg når ei himmelsk duft av koffein slår mot ho i det ho opnar døra til bokheimen. Etter ein tre fire slurkar fordampar vinterdepressive tankar og ho er klar for ny dyst på bakrommet. Iblant er dystane av det gode slaget som den dagen denne boka låg der og venta. Boka er ein fryd å bla i med flotte bilete og freistande oppskrifter for små og store, oppskrifter som ein slett ikkje treng omsetja i praksis om ein ikkje føler for det. Vi anbefaler boka på det brennheitaste både for lån og som innpakka i glora papir under juletre landet over. Det er nemleg bakaren vår som står bak utgjevinga! For heldigvis er det ikkje berre Østre Aker og bitte små øyar som er velsigna med bakarar. Morten er bakaren mot straumen som flytta frå lysande kokkekarriere i byen og sette opp bakeriet sitt ved Prestfossen her i nasjonalparklandsbyen. Han har greidd den bragda å skape eit bakeri som det går gjetord om over heile landet. I tillegg produserer han bøker som sel som varmt tomatbrød frå Bakeriet i Lom. Under kan du sjå kva Morten sjølv likar å lese. Men fyrst kan du gjerne gjere som den vesle raude og meg, drøyme deg bort til lange ljose sommarnetter saman med Henning Kvitnes og Sofia Karlsson.

Med dette ynskjer bloggar Rita og dei vise viskvinnene dykk ei god og varm helg!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar