Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 28. september 2010

Naar skodda lettar

 
Ned etter bergi heng skodda so sleip
hildrande alt i sitt graakalde sveip.
Burte er soli – halvmyrkret raadar
paa fjellet – i skogen – i lognaste dalar.


Det er ofte greitt og bu sentralt - men alt har sine føremoner og ulemper.. Værmessigt betyr sentralt i Lom denne tida ofte at ein går i ein skodde-eim frå tidleg morgon til langt på dag! Det er så fin sol når eg kjører nedover solsida i nedre Bøverdalen, men brått kjem eg inn i eitt tett, kaldt, mørkt hol - ein får nesten ikkje puste, ein hufsar jakka godt rundt seg og skundar seg inn i varmen i prestegarden.


I tillegg er det så spøkelseaktigt stille på den - om sommaren - yrande livelege kyrkjevollen - det er faktisk berre Olav Aukrust som held ut ute i dette triste været her i sentrum! Men den som ventar kan få sjå sola - eg trur Olav denne føremiddagen skimtar ho bak kyrkjespiret.


Greier du ikkje vente på varmen frå sola, kan du også ta turen inn i hovudbygninga i prestegarden - visdommen om kalde haustmorgonar har resultert i ny drikkeautomat her! Med heile 4 ulike varme drikkar og velgje mellom, ei god bok, og ein god stol kan du få varmen heilt inn i hjarterota!


Nå er du kanskje snart klar for ein tur ut i grendene, der sola skin på snødekte staslege fjell frå tidleg om morgonen. Bærhentinga er vel dei fleste ferdige med, men sjå opp for ihuga elg- og hjortejegarar som ligg på lur i busker og kratt.. Statistikken viser at ikkje alle veit kva dei siktar på!
Skulle du ikkje vere så heldig at du kan svinse rundt i sola, på li og fjell midt på dagen, kan du be venner og kjente til ein sosial kveld. Ta fine haustfargar med deg inn i stugu, dekk langbordet, nyt eit godt måltid, la fred og ro senke seg - og la skodde vere skodde.


Og skodda ho lettar fraa dal og fraa skog –
seg hopar i dottar og skundar paa flog.
Upp i høgdi – framyver dag
av vinden vert ho drivi i villaste jag.

(Dikt henta frå Solglytt 1909)

Og før eg var ferdig med dagens tekst, var skodda borte, stemninga på bruket mykje lettare, og sjefen er nå forhåpentlegvis ombord i Icelandair sitt fly til New York - så sant ikkje skodda på Gardermoen var for tett..

Bloggar: Aud


2 kommentarer:

  1. Trass i skodda: eg saknar hausten i Lom! Takk for eit fint innlegg som fekk heimlengselen fram.

    SvarSlett
  2. Hausten er ei fin tid, også i Lom ja! Du er velkomen innom når du er heime!

    SvarSlett