Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 1. oktober 2010

Pirr meg...

Ja, i dag har eg pirra nokon -att... Vi kan ikkje gå unna det : vi enkle sjeler rett og slett elskar å la oss pirre frå tid til annan. Om det er vågale utfordringar hengjande i strikk over fossande gjel, romantiske blikk og forførande flørt frå den utkåra i livet, eller sitrande spenning med tanngarden full av halvetne neglar og føtene godt trekt oppunder skrotten framfor trillaren på skjermen. Det flagrar i mellomgolvet og sitrar i blodbanene, livet blir intenst, og vi får lyst på meir, meir...



Eg hadde i dag gleda av å ha den heile og fulle merksemda til ein gjeng supre 8.klassingar -i eit klasserom så stille at høgtlesaren innimellom skildringane og sitata høyrde sin eigen, særs urytmiske puls donke struttande ut gjennom halsgropa. Tida var komen for å formidle nattvake opplevingar med vampyrar, krigarar og ungdommelege feiltrinn, omhyggjeleg utplukka av foreininga !les og den årlege txt-akjsonen. Ekstremt artig å formidle bøker ein sjølv har hatt så stor glede av å lese, og uhyre tilfredsstillande når ein gjeng ungdommar kappspring til biblioteket over rimfrosen, fiskeskinnglatt seinhaustasfalt i kamp om å koma først på ventelista etter presentasjonen. Audmjuk overfor jobben, lykkeleg over ein gjevande dag og takknemleg for alle myrke nattetimar skal eg i kveld sirleg notere ned dei første linjene i den finaste boka av dei alle, som min utkåra så overraskande gav meg under kjøkkenvifta framfor steikeosen på fridagen min går :
The Book of Good Thoughts. Eit lite kunstverk av ei bok, innbunde for hand i skinn, med papir som ser ut som det er 100 år gammalt -og det beste av alt : kun blanke sider, ventande på mine personlege tankar og notatar. Han kjenner meg godt, den mannen :-)

Og medan sola strevar med å sleppe til, og skodda ligg tjukk i dalen til seine morgontimar, kan eg sjølv prise meg lykkeleg for at min eine fridag denne veka baud på inntrykk som gjer sjela svært så lett å rekreere. Hasutrydding av kjellaren fekk vente og golvvasken fekk gro ein ekstra dag, medan husmora lurte med seg fotoapparatet og humpa i veg over skodda -opp i eventyrland. (Må innrømme at eg vinka -om enn veldig forsiktig- då eit blankt fly skar himmelen tvert over, sjef ...) Ha ei fortreffeleg helg!










Rekreert bloggar: Merete

2 kommentarer:

  1. Åh, fine bilder! Ingen ting er finere enn Ottadalen om høsten. Hils sjefen og ønsk henne god tur til junaiten!

    SvarSlett
  2. Sjefa er for lengst fordufta, men eg skal sende nokre gode røyksignal når eg kjem heim til baksida om litt, eg :-) Det ER vakkert her oppe nå, ja -skulle så gjerne hatt deg med på tur... God helg, fru Storlien!

    SvarSlett