Dei tre vise har brukt påska på ulikt vis. Einskilde har samla kilometer i skikortet og fått ei kledeleg brunfagre og kondisjon på kjøpet. Andre har dyrka vertinnerolla og burde ha opparbeidd store porsjonar med god sjølvkjensle. Underteikna har samla kaloriar og har snart ikkje plass til fleire. Som fylgje til kaloriane har ho nippa til La meg synge deg stille sanger. Under pleddet på sofaen vart det utkjempa ein tapper kamp mot tårekjertlane og dei nasale slimhinnene den siste påskekvelden medan Erik Huseklepp drog fintene sine i ei heilt anna verd. Boka er like fin som tittelen!
Song for 3 vise krus:
Kaloririke Rita
PS: Stemninga i La meg synge deg...minna meg litt om stemninga i Gulldronning, perledronning av Margaret Skjelbred. Det er ei god stemning.
PS: Stemninga i La meg synge deg...minna meg litt om stemninga i Gulldronning, perledronning av Margaret Skjelbred. Det er ei god stemning.
Og kven var purka, tru...? Purker får som kjent aldri nokor "kledeleg brunfarge", så det er noko som ikkje stemmer her....
SvarSlettGrisen er eit lykkedyr, din heldiggris! Ser du ikkje den optimistiske haldninga og dei raude rosene i kinna?
SvarSlettKven sa at det var ei purke da? Kjælegris vil eg heller si da men.. ;-)
SvarSlett