Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 6. april 2010

Vis meg kruset ditt og eg skal seia deg kven du er!

Tre vise har investert i nye krus. Det har aldri vore uttala kven som skal ha kva, men det fall seg så naturleg når vise Aud skjenkte den aller fyrste kaffekoppen etter ferien. Det vart som tenkt. Ein slepp mykje bry med å grave fram høvelege argument når intuisjonen er på plass! Grisen står for hell og lykke, kua for moderleg omsorg og varme og katten for kos og hygge. Vi ser sjølvsagt bort frå alle negative assosiasjonar til dyra.

Dei tre vise har brukt påska på ulikt vis. Einskilde har samla kilometer i skikortet og fått ei kledeleg brunfagre og kondisjon på kjøpet. Andre har dyrka vertinnerolla og burde ha opparbeidd store porsjonar med god sjølvkjensle. Underteikna har samla kaloriar og har snart ikkje plass til fleire. Som fylgje til kaloriane har ho nippa til La meg synge deg stille sanger. Under pleddet på sofaen vart det utkjempa ein tapper kamp mot tårekjertlane og dei nasale slimhinnene den siste påskekvelden medan Erik Huseklepp drog fintene sine i ei heilt anna verd. Boka er like fin som tittelen!

Song for 3 vise krus:


Kaloririke Rita

PS: Stemninga i La meg synge deg...minna meg litt om stemninga i Gulldronning, perledronning av Margaret Skjelbred. Det er ei god stemning.

3 kommentarer:

  1. Og kven var purka, tru...? Purker får som kjent aldri nokor "kledeleg brunfarge", så det er noko som ikkje stemmer her....

    SvarSlett
  2. Grisen er eit lykkedyr, din heldiggris! Ser du ikkje den optimistiske haldninga og dei raude rosene i kinna?

    SvarSlett
  3. Kven sa at det var ei purke da? Kjælegris vil eg heller si da men.. ;-)

    SvarSlett