Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

torsdag 8. april 2010

Små bokpratarar, store bokgleder

3. klasse på Loar skule har hatt leseprosjekt saman med biblioteket i vinter. Ein lang bokorm kveilar seg difor rundt omkring i barneavdelinga på biblioteket nå. Mange av elevane har blitt ivrige lesarar også utanom skuletid og det er mange flinke bokpratarar her som anbefaler bøker for kvarandre. Her skal de få helse på tre av dei.

Rønnaug
har lese serien Regnbueøya. Bøkene handlar om Rakel og Kirsten som er på ferie på den magiske Regnbueøya. Her møter dei regnbogealvene som representerer kvar si farge i regnbogen. Dei sju alvesystrene har ansvaret for å halde fargene i Alveland skinande og klåre, men dei har blitt forvist av Frank Frost til Regnbueøya og Alveland har mista fargene. Rakel og Kirsten må finne alle regnbogealvene og bringe dei attende for at Alveland skal få att fargene. Rønnaug og fleire i 3. klasse tykkjer dette er ein artig og spennande serie som mange bør lesa!

Tor Espen
har lese ein serie som heiter The 39 clues. Desse bøkene handlar om to foreldrelause barn, Amy og Dan. Dei får vite at familien deira er den mektigaste i historia. Grunnen til dette skjuler seg i 39 spor som finst gøymt rundt omkring i verda. Barna får valet om dei vil ta imot 1 million dollar og forsvinne eller om dei vil ta imot det første sporet. Dei vel sporet, og eit livsfarleg kappløp er i gang. Dan er interessert i våpen og har ei kopimaskin i hjerna. Amy er smart. Tor Espen likar serien fordi han er veldig spennande og fordi Dan har anstrengelsesastma han også.

Siri
har lese fleire av bøkene om Hanne. Ho likte aller best Hannes mareritt. Ein dag Hanne kjem heim frå skulen er mamma borte. Ho er ikkje heime, ikkje på jobben og ikkje i butikken. Ho har ikkje lagt att nokon beskjed og Hanne får ikkje svar på telefonen. Pappa er på jobb i Japan og Hanne lurar fortvila på kva ho skal gjere og kvar mamma kan ha gjort av seg. Siri meiner at bøkene om Hanne er veldig spennande og litt skumle, og dei er lette å lesa.

Torsdag kveld frå biblioteket: Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar