Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 23. april 2010

Skratta inte -ni kan själv bli gamla...

Nok ein gong har eg opplevd kor flott det er å bu så langt i bakleksa at eit lite kurs i sivilisert område krev ein halv dags reise. Utkvild og ivrig sprett eg opp av dynevarmen før hanen i grannegarden har pussa nebbet og rådyra framleis held etargilde på dei grå fjorårstustene utom kjøkenglaset. Eit kvart knekkebrød utan kaffe og mjølk blir fredeleg knaska opp medan eg stillferdig knepper blusen og nyter synet av sola som kjempar for å krype over fjellkanten ved Blåhø. Katten får friskt vatn i skåla si, før han takknemleg ruslar ut og lepjer i seg dei forfriskande dropane i søla nede ved fjosveggen, og bikkja dusar vemodig den mjuke snuten mot føtene mine i full forvissing om at denne dagen blir matmor borte leeenge. I det nøkkelen går rundt i ytterdøra og det kjølege draget av nattfrisk dogg stryk over andletet, kjem 2 andre morgonfriske damer sakte seglande i ein varm bil for så å stige over i skipet mitt. Vi helsar lenge og hjarteleg på kvarandre, før vi danderer oss på kvar vår plass i farkosten, klare for timar langs landevegen i morgondisen.

Om dette var eit ørlitegrann forvrengt bilete av røynda, vart i alle fall resten av turen rett så innhaldsrik. 3 godt vaksne damer samanstuva i ein liten bil har i vårt tilfelle ein tendens til å gje seg ut på innfløkte utdjupingar om Livet, Sorga, Gleda og Døden -med andre ord det som fyller kvardagen vår frå eit skrukkete spedbarnsstadium til livsens ende. Og på merkjeleg vis syner det seg gong på gong at dei vidløftige utgreiingane våre rett så ofte går att i førelesingane vi får når bilturen er unnagjort og dei lærde får ordet. Så også ved dette høvet.


Vi skulle onsdag på inspirasjonsdag i høve oppstart av leseombud i kommuna, og vi kunne på underleg vis nikke attkjennande til trubaduren som etter 20 år som litteraturformidlar på sjukeheimar fortalde oss korleis demente menneske opplevde Ordet, Musikken og samhandlinga i trygge grupper. Eit 80-års kalas i nær framtid flagra vagt i bakgrunnen, og vi innsåg at vi på gammalkjerrings vis sat inne med livsvisdom for mange tiår fram i tid...  Alt som vedgår oss denne veka streifar på rynkete vis innom aldring og alderdom på ymse måtar, det vere seg i festlege eller meir jordnære former (ja, for den nemnde feiringa har eg eit veikt håp om ikkje blir spesielt jordnært...), noko som i grunnen er heilt greitt: for kva er vel gildare å skilte med enn solid bakgrunn i Livsvisdom?

Livsvis bloggar: Merete

3 kommentarer:

  1. Hei. Kjempekjekt å finne en bokblogg og nesten helt fri for krim. Skulle ønske dere hadde dato på innleggene, bare for å ha et tidsperspektiv....

    SvarSlett
  2. Vi hadde dato på bloggen i starten, men kvinnfolk med skrivekløe har det med å logge inn og taste ned tankane når dei kjem, og datoane vart då frykteleg feil etter kvart... Vi bloggar stort sett 3 gonger i veka, og er kjempeglade for alle som kan ha glede av boktips og andre tankar :-) God helg til deg, fru Tunheim!

    SvarSlett
  3. Det hjelp å klage! Nå er datoen på plass att! Vi er takksame for attendemeldingar!
    Rita

    SvarSlett