
Om dette var eit ørlitegrann forvrengt bilete av røynda, vart i alle fall resten av turen rett så innhaldsrik. 3 godt vaksne damer samanstuva i ein liten bil har i vårt tilfelle ein tendens til å gje seg ut på innfløkte utdjupingar om Livet, Sorga, Gleda og Døden -med andre ord det som fyller kvardagen vår frå eit skrukkete spedbarnsstadium til livsens ende. Og på merkjeleg vis syner det seg gong på gong at dei vidløftige utgreiingane våre rett så ofte går att i førelesingane vi får når bilturen er unnagjort og dei lærde får ordet. Så også ved dette høvet.
Vi skulle onsdag på inspirasjonsdag i høve oppstart av leseombud i kommuna, og vi kunne på underleg vis nikke attkjennande til trubaduren som etter 20 år som litteraturformidlar på sjukeheimar fortalde oss korleis demente menneske opplevde Ordet, Musikken og samhandlinga i trygge grupper. Eit 80-års kalas i nær framtid flagra vagt i bakgrunnen, og vi innsåg at vi på gammalkjerrings vis sat inne med livsvisdom for mange tiår fram i tid... Alt som vedgår oss denne veka streifar på rynkete vis innom aldring og alderdom på ymse måtar, det vere seg i festlege eller meir jordnære former (ja, for den nemnde feiringa har eg eit veikt håp om ikkje blir spesielt jordnært...), noko som i grunnen er heilt greitt: for kva er vel gildare å skilte med enn solid bakgrunn i Livsvisdom?
Livsvis bloggar: Merete
Hei. Kjempekjekt å finne en bokblogg og nesten helt fri for krim. Skulle ønske dere hadde dato på innleggene, bare for å ha et tidsperspektiv....
SvarSlettVi hadde dato på bloggen i starten, men kvinnfolk med skrivekløe har det med å logge inn og taste ned tankane når dei kjem, og datoane vart då frykteleg feil etter kvart... Vi bloggar stort sett 3 gonger i veka, og er kjempeglade for alle som kan ha glede av boktips og andre tankar :-) God helg til deg, fru Tunheim!
SvarSlettDet hjelp å klage! Nå er datoen på plass att! Vi er takksame for attendemeldingar!
SvarSlettRita