Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 20. april 2010

Tidens tann, tidens mann, tidenens damer...

Mellom stadige drypp og sitat av Bjørnson, og minst like gamle damer med kvite og sølvfarga parykkar skal altså den lillevise sleppe til på denne sida att. Dei to eldste her er i grunnen så fjerne for tida, at det nok er like greitt at dei sit borti ein krok og øver på helgas komande framsyning. Men når det er sagt, skal eg innrømme at eg gler meg stort til feiring av to fantastiske damer altså!! Medan eg gler meg kan eg nytte tida til eitkvart tenleg - det er stadig nyregistrerte bøker som treng kontaktpapir, stempel og datotavler - sidan skal bøkene stillast ut, eller finne seg ein plass blant liknande bøker i hyllene. Og nokon må låne ut bøkene også - så underteikna gjer så godt ho kan - heilt til ho får beskjed om at i dag kan jammen du få blogge att...

Blogge om kva?! Gamle damer? Rotete skuffer som Merete meiner skulle hatt pinnar til gummiane (les gummistrikkane) eller om gode bøker kanskje? Eg les for tida 3 bøker eg kan reklamere for, som alle har byrja slik at eg gjerne vil få med meg resten av dei, altså må eg ha ei bok med meg  i sofaen, ei i senga og ei på øyra (når eg nesten kjem meg ut på rusletur). Men sjølv om eg ikkje har lese dei ferdige enda, kan dei anbefalast som lesnad for mange av våre lånarar. Ta ein titt på omtalene, og sjå om du også let deg friste!

Seattle, 1942: Ungdomskjærestane Keiko og Henry blir skilde fra kvarandre under dramatiske omstende da Keiko, som er av japansk avstamning blir sendt i interneringsleir. Seattle 1986: Henry har vorte enkemann, og ein dag dukkar det opp ein boks fylt med minner om fortida. Henry undrar seg over kva som kan ha skjedd med Keiko og familien hennar. Er ho framleis i live? Og dersom ho er det, hugsar ho han?





Vi befinn oss i England på 1950-talet. Hal Trehern er ein ung soldat som i tillegg til å ha store militære ambisjonar, set kjærleiken til kona Clara svært høgt. Da Hal blir stasjonert på Kypros fylgjer Clara og tvillingjentene deira med. Britane forsvarar kolonien mot standhaftige kypriotar som kjempar innbitt for ein union med Hellas, og Kypros er ein tøff stad å vere for ein liten familie. For seint oppdager Hal at alt han har står for fall.




Dette er historia om tre generasjonar kvinner, om kvardag, slit og draumar i et stort nordnorsk landskap. Dette er også historia om ei lita jente som stikk seg vekk på låven for å gjøyme seg for far sin. Ho har ein gul blyant som hun brukar til å skrive og til å overleve.







Og dermed vart bloggen til nesten av seg sjølv denne gongen òg, berre med litt hjelp av opptil fleire vise kvinner som undrar seg over kvifor bilete og tekst ikkje gjer som vi vil med det same.

"Det er med menneskene som med stjernene; det finnes selvlysende legemer som gir kraft og sol til andre."
(Bjørnson)...

...og undrande yngre bloggar: Aud

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar