Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 16. april 2010

Ærer de unge

Denne veka har folk valfarta til Lom samfunnshus for å ta del i noko av det beste dei tre Ottadals-bygdene har å by på av ungdommeleg sjarm og pågangsmot. Køen har strekt seg langt opp på parkeringsplassen allereie ein time før dørene opna. Den kjekke russen vår har nemleg sett opp revy att, Livet ved Bergom, med utgangspunkt i Arvid Møller si bok Livet på Bergom. Dei tre vise let seg imponere av elevane på denne vesle skulen vår som vår etter vår klarer å få på beina sjåverdige revyar. Vi veit ikkje kor mange timar med planlegging, øving og pugging som må til for å få til eit slik resultat, men vi veit mellom anna at når andre reiste til fjells for å sleikje sol midt i beste påsketid, kalla den samvitsfulle revysjef Sørhage inn troppene sine til øving. Når vi også veit kva dei hardt prøvde 3. klassingane må gjennomgå av innleveringar, prøver, særemne og eksamensførebuingar i tillegg, tek dei tre vise av seg sombreroane i stum beundring.

Kva vi fekk sjå? Arvid Livingston Møller var guiden som heldt det heile saman. På vandringa si rundt omkring i Lom sentrum og omegn trefte han på Hansine og Oline frå Trygdaliv, yndige hårrfiskarar og havfruer, det minste skulemusikkorpset i verda med drillande piker, vi fekk sjå gitar- og mandolinkameratar og konsekvensane av å ikkje få plass i musikk- og kulturskulen, lettkledde og velkoordinerte ungtransar, bollebakar Schakenda og jammen dukka ikkje Aukrust og Jonsson opp også. Revyen var variert og krydra med gode poeng og ordspel, varierande dialektbruk og fine sang- og dansenummer. Når dei i tillegg har hyra inn dyktige musikarar i orkesteret og ein kreativ kunstnarleg rettleiar, blir resultatet absolutt noko russen kan vera stolte over og tilfredse med at dei har fått til! Dei tre vise ynskjer russen lykke til med siste forestilling i kveld og ei fin og uforgøymeleg russetid!

Elles vil dei 2 eldstekvinnene i rådet nytte høvet til å gratulere den aller yngste viskvinna som fyller år omtrent på denne tida. Biblioteket vart med eitt fylt av barneliv og latter og Hurra-song i går, da ei heil avdeling frå barnehagen kom og song for prinsessa vår. Langt bak i hjernebarken ligg det lagra svake erindringar om kontorpultar fylt til randa av nøtteblandingar og solsikkefrø. Nå bugnar pulten rett som det er av kaker i ulike variantar. Det går i bamsemumsing og smashing innimellom slaga og den gode, gamle stemninga er godt som oppattretta. Lenge leve gode forsett og bristande karakterar!

Med ynskje om ei mumsete helg!
Rita

Bileta frå revyen har vi fått låne av journalist Sperstad i GD og overskrifta har vi lånt frå Knut Hamsun.

1 kommentar:

  1. Ændele nuggun som ha ti poenget mæ revyn! Takk for flott umtale! :D
    Mari Synnøve og Guro, 3A.

    SvarSlett