To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 27. april 2010

Verre enn fnisete fjortisar?

I går droppa tre trøytte kvinner både frokost og sømnen som gjev venleik, slepte dei umedgjerlege føtene sine inn i bilen og sette kursen mot Gjøvik. Vi hadde gått til det drastiske steget å stenge biblioteket fordi vi skulle på eit svært nyttig kurs. Tenk å få presentert 100 kulturfondbøker på ein og same dag! Etterkvart som vi vakna,  rådde ei lett og munter stemning i bilen. Vi var einige om at den før omtalte 80 årsfeiringa av dei aller eldste viskvinnene, hadde vore ei svært morosam oppleving som kjem til å bli ståande som ei strålande side i minnebøkene våre.

Vi angra aldri eit sekund på at vi tok turen til Gjøvik! To sprengleste damer frå det velklingane Rogaland presenterte på ein inspirerande og entusiastisk måte mange av godbitane frå Innkjøpsordninga for kulturfondbøker 2009. Det vart ei maratonøving i å halde konsentrasjonen på topp, men med jamt tilsig av koffein og med ei glødande interesse for stoffet, gjekk det etter tilhøva bra. Vi må beklage overfor andre deltakarar som eventuelt måtte fylgje oss på bloggen og som eventuelt hamna i nærleiken av tre fnisete, at vi til tider oppførte oss som tikkande pubertale hormonbomber. Vi får leggje skulda på lite sømn og velutvikla assosiasjonsevner. Iblant kan den minste bananitet bli usyrteleg morosam! Tre vise slit med å koma gjennom alle bøkene vi til ei kvar tid får inn i biblioteket, så dette kurset håpar vi har kome for å bli. På turen heim utfordra sjefen med liten s undersottane sine til å velje seg ut den eine boka dei hadde fått mest lyst til å lese etter presentasjonen og her kjem resultatet.

Britt Karin Larsen: Det vokser et tre i Mostamägg: Handlinga går føre seg i grenseskogane mellom Hedmark og Värmland blant skogfinnane på attenhundretallet. Forfattaren har drive god research og dei historiske hendingane er korrekt attgjevne. Skogfinnane reiste vestover til Sverige og Norge på grunn av uår i Finland og dei vart ofte svært dårleg behandla i dei nye heimlanda sine. I boka møter vi blant andre einebuaren Taneli som er mistenkt for drap, og tenestejenta Lina som ikkje veit kvar ho skal gå med det vesle barnet sitt. Boka er ei flott lesaroppleving om eit nedtona tema i norsk immigrasjonshistorie.



Ørjan N. Karlsson: Sharba: Taliban invaderer Kabul i 1996 og faren til 10 år gamle Sharba blir drepe. Ho og mora flyktar til Norge og på 18 årsdagen sin verver ho seg til det norske forvaret. To år seinare er ho på veg til Afghanistan i norsk uniform. Ho har eit sterkt ynskje om å hemne faren sin. Dette er ei actionfylt og spennande bok som også gjev godt innsyn i krigen i Afghanistan. Forfattaren har tidlegare skrive boka Goliat som også er veldig lesverdig!





Frå action til det vare og kjensleladde. I boka Heliumhjarte har forfattaren Bjarte Klakegg skildra det såre på ein slik måte at ein kjenner det i magen - og hjartet. Med eit stilsikkert og godt språk skildrar han avgjerande episoder i vanlege folk sine liv. Boka inneheld korte historier som spenner frå det realistiske til det fabulerande. Ein prest svevar over havet, ein bror blir borte, ein brann endrar alt, ein bandopptakar gjev evig liv. Og kva heliumhjarte betyr? Sjå det må du lese på første side i boka og da vil du kanskje få lyst til å lese resten også! Det fekk iallefall underteiknaren. Elles var Forsvunnet nemnt som den beste lesaropplevinga saman med blant andre Tyskerjentene, Alv Erlingsson, Der lyset slipper inn og Vidunderbarn.


Inspirert bloggar: Rita

6 kommentarer:

  1. Og dermed vart det gode tips til oss blogglesarar også. Nyttig "skulke"dag for alle. Takk for det.

    SvarSlett
  2. Vi takkar også, Magnhild! Nå har den utstillingsvise kvinna som er på jobb laga utstilling av dei beste bøkene også. Kom og les!
    Rita

    SvarSlett
  3. Det er visst for seint med sømn som gjev venleik for eit par av dei vise...(jfr biletet)

    SvarSlett
  4. Kva med Tornerose-metoda?
    R.P.stuen

    SvarSlett
  5. Døkk burde sjekke ut Tess Gerritsen au! Super forfatter! :)

    SvarSlett
  6. Takk for tipset, Sofie! Det skal vi gjera veit du!
    R

    SvarSlett