Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 30. april 2010

Ho hev ei rosa fenge...

Etter ei festleg helg med overflod av blomar og stas, må eg vedgå at det såg litt stussleg ut med ei einsleg rose attmed skjermen hennar Pisi då eg sveva inn på kontoret i dag tidleg. Eg trudde dette var ein etterlevning attpå helga, og ofra ikkje duftranken meir merksemd før eigaren spurde om eg ikkje hadde sett rosa hennar? Ho var så underleg bratt i nakken og blank i augo der ho stråla om kapp med den litt slappe blomen, så eg skjøna at dette var noko utanom det vanlege. Stolt som ein sigrande tiur etter fugleleiken kunne Monsine skryte av at rosa var eit resultat av eit kjapt møte med Jonas Fjeld under ein konsert med nemnde artist og Henning Kvitnes onsdags efta, og at ho naturlegvis var ei få utvalde som fekk ein bit av herlegdomen då dei staute karane delte bukettane sine med "publiken". Ei ærleg fortent rose til ein uvanleg ivrig konsertdeltakar -og sjå kor dei kler kvarandre!

I dag er det Espen Gjerdet, ein sympatisk elev på vidaregåande, som får gleda av å prate varmt om bøker han  har funne i hyllene våre. Espen fortel at han heilt tilfeldig greip med seg boka "Det siste kongeriket" av Bernard Cornwell då dei skulle ha ei bok å lese i på skulen. Boka er den første i ein serie historiske romanar om unge Uthred, jarl av Bebbanburg, i England på 800-talet, og Cornwell skildrar vikingtida så levande og medrivande at den unge lånaren vår etter stutt tid kom attende for å låne neste bok i serien. Espen likte spesielt godt den rå humoren og dei mange spennande, actionfylte scenene i bøkene, og han anbefalar bøkene for alle historisk interesserte lesarar. Washington Post omtalar bøkene som "Eksepsjonell underhaldning som er både fascinerande og lærerik....Få historiske romanar er så levande og medrivande som Cornwell sine bøker". Biblioteket har så langt 3 bøker i serien, og nummer 4 er bestilt for kjøp.

Vi ønskjer alle lånarar og lesarar ein retteleg flott helg -anten de har ei god bok å lese i, spirande roser å stelle med, eller mindre oversiktlege skuffer å rydde i...


Ryddig bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar