Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 4. mai 2010

Magasinfryd

I går måtte vi til pers. Haugane på magasinet hadde fått lov til å vekse seg større enn eit alfabetisert og tversigjennomsystematisert bibliotek kan tilllate seg. Noko måtte gjerast. Vi tre har lenge gått og stirt skakt på kvarandre og håpa i det lengste at ei av oss plutseleg ein dag skulle kaste seg over haugane, men den dag kom aldri. Det var difor naturleg at den som er vant til eit liv i bakrommet manna seg opp, ehm orsak, Kvinna seg opp, og skreid til verket (reknar med å utløyse ein solid porsjon dårleg samvit blant dei to medvise til neste gong det haugar seg opp...). Bak stengde dører på det nedstøva magasinet, fekk ho omsider haugane ut av verda og inn i hyllene. Ho skunda seg, for ho hadde funne ei lita, unnseleg perle blant diktbøkene som ho ville tufse seg bort med nokre minutt etter at golvet atter hadde kome til syne. Diktboka var ein hårsbreidd frå å hamne i ein bokby ein eller annan stad, men så var det noko med tittelen og det intense blikket som forfattaren på omslaget sende som gjorde at ho vart opna og redda. Boka heiter Aleine med dagane og er skrive av Fadwa Tuqán. Her er eit lite utdrag frå diktet No.

Lat oss gløyma dagen i går, og ikkje
invadera morgondagen!
Det er denne stunda som tel,
berre no, ikkje før, ikkje etter.
Det er ikkje meir verdi i tikkande tid.

Ein gong iblant kjem denne blide og trivelege lånaren innom. Det er med ei viss spenning vi tek imot han i skranka, for vi veit at Are er ein av lånarane som utvidar horisonten vår. Han likar særleg godt teikneseriar og er over snittet interessert i musikk og film. Når han vart utfordra av tre vise til å delta i føljetongen "Det her e boka mi" valde han ikkje overraskande to teikneseriar. Olaf G handlar om ein norsk kunstnar som kanskje er betre kjent i utlandet enn her heime. Denne boka er ei festleg reiseskildring og Are let seg fasinere av strekane som syner tre heilt ulike måtar å teikne på. All honør forfattarane Lars Fiske og Steffen Kverneland og sjølvsagt til Olaf G.

Persepolis er ei sjølvbiografisk skildring av dagleglivet i Iran før og etter revolusjonen. Det er ei klok, morosam og hjarteskjerande forteljing om korleis det var å vekse opp i dette landet sett gjennom augene til ei ung jente. Vi får ei sjeldan innsyn i eit lukka samfunn der vi blant anna får vite om ulike måtar å gjera stille opprør på som å bere hijaben på ulikt vis og arrangere hemmelege festar. Persepolis er eit djupt personleg, politisk og originalt verk - rått, ærleg og svært lærerikt! Løp og lån!

Magasinert bloggar: Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar