Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 7. mai 2010

Opening the shelf

Magasinfryden hennar Stor-Pisi skulle vise seg å vera berre starten på nokre intensive dagar opprenskingsarbeid i fysste etasjen i gammelprestgarden. Den gilde innsatsen hennar på magasinet utløyste ikkje nemneverdig samvitsknekk blant undersåttane, og dermed båra ho neste dag ut i vaksenavdelinga med støvfille og eit klart mål for auga : "opening the book" -eller "opening the shelf", som jo er ein langt rimelegare måte å syne fram all den store litteraturen vår på.

Tidlegare år har dette oftast vore ein jobb for oss vandrarane ute i lokala -tråklingsarbeid har som kjent lite med knebøy og hyllestøv å gjere- sjøl om det lyt nemnast at sjefen har freista dette sjølv også før om åra. Problemet har oppstått når dei få, nøye utvalde bøkene som etter vår meining skulle vurderast for kassering har hamna på kontoret hos siste, myndige ledd i prosessen. Etter nøye gjennomgang på avlukket der bak, hamna brorparten av bøkene atter på mystisk vis på tralla for innleverte lån -omhyggeleg plassert mellom andre medium i håp om at vi her ute ikkje skulle oppdage denne saumen i tråklinga og såleis kjenne arbeidet nyttelaust.

Slik taktikk blir det etter kvart enormt mange bøker av i eit lite bibliotek... Den som dagleg slit med å stappe all vomma ned i den stendig trongare broklinninga fordi det alltid blir fylt på med meir enn det som blir forbrent, skjønar at dette ber gale av stad : til slutt er det rett og slett ikkje plass åt meir! Så også i hyllene våre. I det siste har einskilde hyller vore beint fram umoglege å rydde i pga plassmangel, for ikkje å snakke om kraftanstrenginga ein har måtta teke i bruk for å dra bøker ut av dei stappfulle hyllene med sundsprengde bokstøtter. Etter ymse "inspirasjonsinnputtar" på diverse bibliotek har no Miss skjøna at det er lønsamt å drive etter "Opening the book"-prinsippet, og du verda så flott det har vorte hos oss etter dette krafttaket! Og denne gongen høyrde underteikna inga protest då ho rydda plass for ny litteratur i barneavdelinga :-))


Resten av fredagen skal eg nyte den halvsure plystringa frå bakrommet, der Monsine med sambarytmer på øyret magasinerer bøker i uvanleg stor stil.... Vi ønskjer lånarane ei yrande helg i hagen, og velkomne til innbydande hyller i eit støvfritt bibliotek!

Bloggar: Merete-opening-the-brok...

2 kommentarer:

  1. Viktigt arbeid du driv med Merete! Det er berre å stå på. God trim å berra bøk.

    Hilsen
    Marit på Sør-Fron bibliotek

    SvarSlett
  2. Ja, her blir all trim motteke med takk, Marit! For tida er det så kaldt i Lom at ein held varmen kun ved å stime rundt det beste ein kan, så du skal sjå dette går vegen for prosjektet mitt: "Not-opening-the-brok".... :-))

    SvarSlett