Ein einsleg krakk bakom skranken,
-har bore så mang ei bør.Om heisen er slitt under hanken,
han lyfter kvar last som før.-
Om baken er feit og treng magrast
får han kvile si tyngd utan sukk-om trekket ei lenger er fagrast
ligg puta der mjuk og tjukk.-
Med tynnslitte trådar i trekketog blasse fargar mot ljos
-han er ikkje lengre den kjekkesom fekk beundrande ros.
-Men trufast som alltid han vekkjer
ei kjensle i førkja på jobb-når foten under bordet ho strekkjer
ho treng ingen utspjåka snobb.-
Når dagen hellar mot slutten
og kroppen til førkja er kei,
byr krakken på rast i innspurtenog kvelden på jobb blir `kje lei.
-Om baken er sveitt eller frosen
tek krakken i mot det som kjem,han byr fram den gildaste kosen
når førkjebak søkjer ein klem.-
Så takk, kjære krakk for din styrke
for alt du har lyfta og slitt-slik førkja får hjelp i sitt yrke
ho trykkjer deg åt seg som sitt.Bloggar: lyriske Merete
Ha, ha! Herlig poesi dette, brukslyrikk på sitt beste!
SvarSlettJa, brukslyrikk er tenlege saker, det ;-) God helg til deg, Gunvor -og KOS deg i godstolen!
SvarSlett