To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 23. februar 2010

HIPP HIPP HURRA!!

Dette her er ingen kva-som-helst-dag på Lom folkebibliotek! Sjølvaste sjefen, vår kjære Rita, den visaste vise fyller år, rundt tal som det heiter, og det skal sjølvsagt feirast. Ja kanskje både 2 og 3 gonger, men det får vi kome attende til i seinare referat. I dag konsentrerer vi oss om den interne feiringa her på huset.
Ute er det minus 26, men den unge jubilanten har alt frå tidleg morgon hektiske raude roser i kinn, spent på kva dagen vil bringe. Telefonen plingar jevnt og trutt inne på bakrommet, dette lovar bra, ho bør vere opptatt inne på kontoret sitt til vi er ferdige med pyntinga i avdelinga for gebursdagsfeiring! Feiringa har vi bevisst lagt til ungdomsavdelinga, sjølvsagt fordi sjefen er så ung. Rita vart utover formiddagen meir og meir prega av sterke mistanker om at både hennar to underordna - og i tillegg to kjellardamer hadde eit komplott på gang. Da alt endeleg var klart, prinsesseduk og serviettar, ballongar og stjerneskudd var på plass, fekk ho servert sjampanjebrus i stettglas, gode ord om alderdom, bukettar, marsipankake - og ikkje minst mange nyttige gaver! Vi vil ikkje at ho lenger skal slite seg gjennom trekkfulle dagar ved kontorpulten sin, så i dag fekk ho bl.a. ull-underbukse, heimstrikka ull-tøfler, pulsvarmarar og øyrevarmarar. I tillegg fekk ho strømpeholder i silke, som nok ikkje er tenkt brukt mot vindaugstrekk...



Kjære Rita; tusen takk for at du er den du er for oss undervise, du er ei(n) flott sjef, som vi set umåteleg høgt - og så var det fint at du ikkje fann på reise burt i dag - vi ville så gjerne feire deg på skikkeleg prinsessevis!
Ynskjer deg ein fortsatt fin-fin dag med dine næraste - så ser vi fram til meir festlegheiter saman med deg både i mars og april og..


Sender i same slengen ein takk til Fredrik Skavlan som personleg (ja ja via sekretær da..) gav oss løyve til å bruke vedlagte geni-teikning i 3 vise kvinners blogg! Skulle tru han tenkte på dei 3 vise ca 40 år fram i tid da han laga denne streken.

Bloggar: Lille-vise Aud

3 kommentarer:

  1. Lyt kanskje nemnast at kaku på bileta var av isopor, og frykteleg tung å fordøye... Difor står kniven så godt i kaka på eine fotoet. ;-) Heldigvis var det ein noko meir velsmakande variant i ei tine godt gøymt bak reolane her...

    SvarSlett
  2. Takk - med atterhald - fru Storlien!

    SvarSlett