To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

mandag 22. februar 2010

Og solen går sin gang

Etter 3 månader i mørkret har sola atter sendt sitt milde ljos over biblioteket og Lomsbygda. I rein jubelfryd oppdaga vi dei fyrste strålene inne hjå oss førre veke. Ei Voe-inspirert vis kvinne poserte villjug i stråleglansen. Ho vil ikkje gå ut med kva kremar ho har brukt for å oppnå dette resultatet, men vi trur det må vera because you're worth it-effekten som gjer utslaget.

Sol-titlar i biblioteket: Og solen går sin gang, En plass i solen, Solens port, Ingen kjenner solen (Inger Heiberg om prestegardsliv i Lom), Brent av solen (DVD), Den blide sol (folkemusikk).

Bloggar i solstreif: Rita

2 kommentarer:

  1. Å så nydelig bilde! Er det den vise Merete eller? Så vakker!

    SvarSlett
  2. Å ja, når denne dama får sleikt panneluggen attover så ho blottlegg den lange skallen og det høge hårfestet blir ho vakker til det ugjenkjennelege... ;)

    SvarSlett