Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 26. februar 2010

Krakken


Ein einsleg krakk bakom skranken,
-har bore så mang ei bør.
Om heisen er slitt under hanken,
han lyfter kvar last som før.
-
Om baken er feit og treng magrast
får han kvile si tyngd utan sukk
-om trekket ei lenger er fagrast
ligg puta der mjuk og tjukk.
-
Med tynnslitte trådar i trekket
og blasse fargar mot ljos
-han er ikkje lengre den kjekke
som fekk beundrande ros.
-
Men trufast som alltid han vekkjer
ei kjensle i førkja på jobb
-når foten under bordet ho strekkjer
ho treng ingen utspjåka snobb.
-
Når dagen hellar mot slutten
og kroppen til førkja er kei,
byr krakken på rast i innspurten
og kvelden på jobb blir `kje lei.
-
Om baken er sveitt eller frosen
tek krakken i mot det som kjem,
han byr fram den gildaste kosen
når førkjebak søkjer ein klem.
-
Så takk, kjære krakk for din styrke
for alt du har lyfta og slitt
-slik førkja får hjelp i sitt yrke
ho trykkjer deg åt seg som sitt.



Bloggar: lyriske Merete


2 kommentarer:

  1. Ha, ha! Herlig poesi dette, brukslyrikk på sitt beste!

    SvarSlett
  2. Ja, brukslyrikk er tenlege saker, det ;-) God helg til deg, Gunvor -og KOS deg i godstolen!

    SvarSlett