Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

mandag 1. mars 2010

Kan dei ikkje berre ta seg saman?


I tillegg til majonestuber med nådelause best-før påstandar, har Lom folkelege bibliotek reflektert mykje kring omgrepet tap og vinn med same sinn den siste tida. På kveldstid har vi vore vitne til eit drama der sekund og tidelar, tur og utur, har verkeleggjort og knust draumar. Vi har opplevd oppturar og Nordthugar. Mange var det som ropte korsfest da Petter elegant spaserte forbi heile pressekorpset og ikkje ville dele med OSS, tenk det, korleis han hadde det minutt etter at år med trening og førebuingar gjekk i vasken på grunn av ein knekt stav få meter før mål. Vi ville sjå den raske guten løfte hovudet sitt like kjekt sjølv om et håp eller to ble brutt. Slike gutar det vil gamle Norge ha! Kjære Petter, dei tre vise heiar på deg, sjølv med bøygd hovud. Særleg med bøygd hovud! Vi er glade for at du er den du er så sterkt at alle TV-kamera i verda ikkje kan få deg til å ta deg saman! Du viser ekte sinne, usminka sorg og sann glede, fyller deg sjølv heilt og fullt! Kven kan med handa på hjartet tape og vinne med same sinn? Vi ropar hurra for mangfaldet i floraen og set pris på både fornuftige ta-seg-saman-Ole Einarar og på eksplosive sanne-eg-Nordthugar!

Kva har så OL og sanne-eg i ein bibliotekblogg å gjera? Lite, bortsett frå at temaet har krydra marsipankakedietten i matpausene våre. I tillegg hadde eg like før Nordthug, lese om den andre store snakkisen denne vinteren, Knausgård. I min kamp 2 fortel han om romanfiguren Karl Ove som opplever tap på kjærleiken sin brutale arena. I full overtyding om at han har funne den einaste rette, opplever han å få avslag. Den einaste rette vel kameraten hans istaden. Stavbrekk! Som Nordthug klarer han ikkje å ta seg saman. Verda fell i grus og på forfattarseminaret der dramaet utspelar seg, kyler han flaska i veggen. Aleine på badet med knuste draumar og eit glasskår, rissar han fortvilinga inn i ansiktet, djupt og vondt, stripe etter stripe. Vi kan sjølve tenkje oss korleis det dagen derpå, med eit maltraktert hjarte og åsyn, var å treffe att den einaste rette og alle dei rasjonelle kollegaene med dei spørjande blikka. Tilfeldigheitene eller var det lagnaden, ville det slik at Karl Ove-romanfigur fleire år seinare treffer att den einaste rette. Korleis det går, må de lesa sjølve for det er ein svært vakker historie. Bloggaren kan ikkje anna enn å anbefale denne kampboka også.

Med majonestuba forsvarleg arkivert lengst nede i søppelposen, ynskjer eg dykk ein god dag - heilt utan atterhald! Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar