Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

lørdag 6. mars 2010

Humørfylt solstreif

Etter fleirfaldige månader der ein har vore tvinga til å bøye hovudet langt over den velbrukte graderstokken for å få auge på ei merkjeleg stutt, blå stripe ulovleg kvikksølv langt nede i den slanke sylinderen, kan vi i dag ane ein streif av vår over den gamle Loargarden. Sola tyner seg veg inn gjennom nedstøva ruter etter ein knirknade vinter og badar dei velplasserte bokryggane i hyllene våre i varme strålar. Sjølv om underteikna laut skrape vakre isroser av fronruta i 16 minus også denne laurdagsmorgonen, er det mest så ein kjenner det rislar lint i våryre straumar nedetter den nyanlagde valken under høgre okselbladet, berre for å forsikre vakthavande om at det blir vår dette året også. Dei knusktørre blomane i glaskarmane våre strekkjer hals det beste dei er kar om for å nye godt av solstreifen, medan støvet dansar fyrrig tango bortetter hyllene, godt skjult av fyldig lesnad.

Med slike inntrykk ein laurdagsføremiddag kan eg ikkje dy meg då eg ruslar rundt i lokala våre og ryddar innkomen litteratur -eg set meg varsamt ned ytst utpå den lekre skinnsofaen vår, klar til å sprette opp i teneste for neste, ivrige lånar, og blar opp nokre av favorittsnuttane i boka "Kvinne med sag -morrabjeff fra bygda" av Karin Tørklep Sletten. Ho har kvar veke i fleire år hatt ei spalte i Østlendingen der ho med humor og stor innleving skildrar kvardagslivet i heimen, inspirert av sine eigne sambuarar -gemalen, dei tre borna, fenrisulven, samt bror og syster katt. Desse humørspreiande perlene er uavhengig av kvarande små oppkvikkarar som tillet lesaren å sjå trivielle, irriterande kvardagssituasjonar i eit nytt, lattervekkjande og ironisk ljos. I mi stille, stolne stund ytst på sofakanten lot eg meg i dag more av panikktrente menn i 40-års krisa (som for all del ikkje skal forvekslast med vår kvinnelege, fløyelsmjuke og praktisk tala umerkjelege overgang til eit litt modnare ytre...), og ein liten snutt der Karin minner oss om at tida snart er komen for å tørke kleda i vårblæsten, for så å ta dei inn att til ein ny vask etter at ei uungåeleg, gjennomtrengjande møkkaluft hyllar inn dei flagrande dynetrekka og flortynne blondetrusene. Ei fornøyeleg, lita bok som absolutt kan anbefalast eit vintersurt sinn som treng ein puff i vårinnspurten!

Etter endt laurdagsvakt kan eg no sløkkje teljosa på skranken og snu nasen heim mot den skuggelagde baksida innunder Byrberget. I full forvissing om at eg slepp glasvasken enno eit par veker, kan eg senke asklene og gle meg på helg med kledeleg pudderrouge over dei bleike hengekjakene. God helg!

Vaktahavande bloggar: bakside Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar