Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 9. mars 2010

Du skal få en dag i mårå

Somme dagar skulle eigentleg fått sjans på nytt, dei burde kunne viskast ut for å få nye høve til å vise kva dei eigentleg er gode for. Nett som i Prøysen-visa "Du skal få en dag i mårå". Og nett ein slik dag har eg ei kjensle av at vi er på tur til å leggje bak oss her på biblioteket...


Eg sjølv starta dagen hjå dyrlegen, og då min firbeinte pelsdott ikkje hadde det spesielt travelt med å vakne etter narkosen, laut eg sende melding til sjefa om at eg vart halvannan time for sein til kveldsvakta mi i dag. Her på huset får ein då støtt ei positiv melding attende, gjerne med ein strålande smiley for å understreke at mitt fråver så absolutt ikkje vil by på problem for dei to energiske damene som allereie har vore på jobb i fleire timar før opningstid. Om ikkje det var nok, møtte eg også dagen med ei durabeleg gongsperre etter eit ublidt møte med ein såpeglatt kant ved dieselpumpa i går (ein kant på heile 3,6cm -minst!) Med eit ulmande samvet kom eg såleis kreksande inn døra her ved eitt-tida i dag, og skjønte med det same at dette var "one of these days". Aud møtte meg som vanleg med eit strålande "God morgon!" ved skranken, men eg høyrde at noko skurra i tonefallet hennar. Boktralla fløymde over av bøker, utstillingsborda stod tome og gapte imot meg, ein halvsund telefon ringde i tide og utide, og det formeleg lufta kaos i heile lokalet. Like etter velta ein lykkeleg hop av irvige skuleelevar inn døra.

Vi fekk då etter kvart nøsta saman dei grøvste trådane, og innbiller oss at lånarane ikkje merka at det meste hekk på halv tolv her i dag. Men då Aud endeleg var komen til innspurten på sitt grundige blogginnlegg, gjekk det som ein tung sukk gjennom kontorveggane : nesten all teksta var borte, og kun eit par bilete skein mot henne i ein elles syltynn blogg! Dette var eit kjent fenomen for fleire av oss, men på denne dagen, da! Arbeidsdagen var likevel over for dei to morgonfuglane, og eg sat att på godkrakken og ella om kvar eg skulle begynne kveldsinnspurten min. Eg fann fort ut at det kanskje ville lønne seg å lokke eg fram dei små kjuklingane som har overvintra på bakrommet for å piffe opp stemninga litt, og desse små humørspreiarane forvandla raskt dagen til ei sprudlande gul boble. Det kjem jo uansett ein dag i morgon, og då har vi alle føresetnader for å rette opp att det som vart hengjande på halv tolv i dag:



Tilfreds bloggar: trongbeinte Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar