Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

mandag 14. september 2009

Vesle søylediagram på skjermen der...

Vi kunne rett og slett ikkje dy oss, i eit anfall av barnleg glede over utlånet vårt i 2008 måtte vi berre dele dette diagrammet med dykk, vyrde blogglesarar! I dag har sjampagnekorka gått i taket og småsprudlande svevar vi omkring her og kan ikkje anna enn å fryde oss over desse smukke små søyler. Tala kjem fram i Årsmelding for Oppland fylkesbibliotek som dumpa ned i innboksen vår ein dag i førre veke: http://www.oppland.no/Fag-og-tjenester/Fylkesbibliotek/Nyheter/Arsmelding-for-Oppland-fylkesbibliotek-og-Statistikk-for-Opplandsbiblioteka-2008/ I ei stund som denne må vi nytte høvet til å takke dykk alle trufaste og tilfeldige lånarar. Utan dykk hadde dette diagrammet sett heilt annleis ut. Vi set stor pris på dykk, alle som ein, berre så de veit det! Gledeleg er det også at fleire av grannebiblioteka våre i Norddalen er med på topp 10-lista! Det tyder bra for drifta i det norddalske biblioteklandskapet, hipp hipp!

Men intet søylediagram veks inn i himmelen, og når sjampanjeboblene har dovna og vi ser på resultata våre i eit meir edrueleg ljos, veit vi inderleg vel at det ikkje er all kvalitet som let seg måle i tal og ranke søyler. Biblioteket er så mykje meir enn utlån, den gode samtala med lånaren som kjenner seg åleine, småpludringa blant leikande smårollingar i eventyrborga, den gode praten og skratten over ein kaffekopp blant lånarar som treffest og tek seg tid, litteraturen som tenner gløden i små barnesinn under ein bokpresentasjon, det rette diktet til rett person til rett tid. Dette er verdiar som vanskeleg let seg plassere i statistiske målekart, men det er dette som er kvalitet og det skjer rundt omkring i alle bibliotek til ei kvar tid. Kom i hug dette politikarar og kommunale administrasjonar nå i desse budsjettider! Sjå dykk ikkje blinde på søylene sjølv om vi skålar for dei i dag!

I morgon set to av dei vise kursen sørover dalen for å fange opp signaler i tida og fylle på med ny kunnskap og inspirasjon. The destination is Lillyhammer og femfylkerskonferanse! http://www.oppland.no/Fag-og-tjenester/Fylkesbibliotek/Nyheter/Signaler-i-tiden/


PS: FRUKTsjampanje!

Sprudlande bloggar: Rita

4 kommentarer:

  1. Gratulere! Koseleg å følgje bloggen dykkar
    når eg sit i Stavanger. Eg saknar det gode biblioteket i Lom... Lukke til med nye utlån!

    SvarSlett
  2. Gratulerer til dykk alle. Biblioteket er ein skikkeleg kvalitet for heile Lom. Har de att meir sprudlevatn ?

    Simen

    SvarSlett
  3. Sprudlevatn, fersk kaffe og nå også BROWNIES! Saknar deg vi også, Kirsti! Lukke til med tysken, Stavanger og bloggen, vi følgjer med deg vi også;)

    SvarSlett
  4. Kjempeflott Rita, så linken din på facebook. Vi sees på 5-fylkers.
    Olav

    SvarSlett