Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 24. juli 2009

Kriminell ferie og fagleg kompetanse


Det blir litt laaangt mellom blogginnlegga no sommarstid, då vi er åleine på huset det meste av tida. Betre blir det ikkje då eg i løpet av sommaren har registrert ein voldsom framgang i fagleg kvalitet på sjefa sine tidlegare innspel på sida her. Skal tru kva for oppgradering av kunnskapar ho forlangar av oss undersåttane når heile personalet er på plass att utpå hausten...? Eg bøyer meg i støvet enn så lenge, tørkar sveitten og roar dei verste, nervøse skjelvingane og hoppar i det med eit nytt forsøk på å nå fram til surfarar på verdensveven.

I sommar har eg latt barne- og ungdomsbøkene fått stå til dei unge sin disposisjon på biblioteket, og sjølv mot normalt lese nokre "vaksne" bøker. Når Camilla Läckberg då stod ledig i hyllene her ved min feriestart, vart i grunnen ferieplanane beståande av plenklypping, ugrasluking, husvask og lange dagsturar i fjellet raskt endra til ein velbrukt solstol framom den utgamle campingvogna, med krimmen som solskjerm framfor det vinterbleike fjeset. Eg, som i utgangspunktet er ei enkel sjel med sans for lettlesne barnebøker, har slukt grådig kvar ei side eg har hatt tilgang på frå denne forfattaren dei siste vekene, og har lova at eg heretter aldri skal påstå at "nei, krim les eg ikkje..." Det lyt også nemnast at eg har tråla gjennom boka "Dyrekommunikasjon" av Sissel Grana, så eit visst opprykk i kompetansen kan eg då slå i bordet med når den solbrune sjefa kjem jodlande inn døra etter endt rekreasjon frå sydlegare strok! Har faktisk lurt på om eg ikkje skal snappe med meg "Kunsten å lese tanker: hvordan du forstår og påvirker andre uten at de merker det" av Henrik Fexeus også medan eg framleis rår åleine her, så skal du sjå det blir lønshopp utpå vinteren også!

Når sant skal seiast skal det bli frykteleg godt når alle dei 3 vise er attende rundt kaffikanna den første morgonen etter sommaren. Det blir litt stussleg i lengda å kun rive seg på sosiale tenester på nett, sjølv om sommarfriske lånarane naturlegvis piffar opp kvardagen her inne blant all visdomen , fantasien og eventyra som gøymer seg i dei struttande hyllene.

Biblioteket ønskjer alle ferierande ei strålande helg med bilete av Iver som snusar inn dufta av vakker Romance i ein elles frodig hage av villniss og andre fargerike innslag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar