Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 1. november 2019

Oppstart Vinterles!

I dag er det oppstart av Vinterles! Det er fjerde vinteren at biblioteka i regionen køyrer den populære lesekampanjen for vaksne. Førre vinter sette vi ny deltakarrekord, og 68 leselystne lomverar var med. Nå er nye krus i bestilling med flott oransje illustrasjon denne gong. Nytt av året er også bingo. Kom til biblioteka for å få skjema og meir informasjon.

Neste veke legg vi ut på miniturné for å dra i gang Vinterles og forsøke å tenne leselyst rundt om i bygdene våre. Vi kombinere det med Nordisk litteraturuke og legg opp til skumringstimar på biblioteka med bokprat og høgtlesing frå eit utval av årets beste nordiske bøker. Turnéen er også del av Lesegleder-prosjektet, eit prosjekt i regi av Oppland fylkesbibliotek i Bokåret 2019, og Linn T. Sunne frå fylkesbiblioteket er med oss.

Tysdag 5. november gjestar Merete, Linn og eg Lesja bibliotek. Måndag 11. går turen til Vågå og tysdag 12. avsluttar vi i Skjåk. I Skjåk blir vår eigen BibliotekAre med i staden for Linn. Vel møtt til skumringstimar på biblioteka med levande ljos og levande litteratur.

God helg!

Helsing Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar