Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 8. november 2019

Lugumdag i bokheimen

I dag har vi hatt litterær lunsj med forfattar Laila Brenden og redaktør Karen Forberg. Båe dei koselege damene har tilknytning til området vårt. Laila har slekt i Lom og Vågå og skrivestugu i Bøverdalen, og Karen har foreldre og slekt i Skjåk. Laila og Karen samtala om den nye boka Toner fra en stille skog, ein historisk roman som delvis har blitt til i skrivestugun uppi dale. Det var triveleg at så mange møtte opp. Det såg ut til at folk hygga seg, og vi tippar at dei fekk lyst til å lesa boka.

Elles er vi i full gang med omkalfatring og "umvetle" i bokheimen. Bestemorbibliotekaren trålar stadig nettet på utkikk etter møblar frå femtitalet, og førre helga gjorde ho litt av eit varp! Ny sofa har kome på plass, reolar har blitt flytta og nå har vi fått ein ungdomskrok som det går an å gøyme seg litt bort i. Bibliotekarane er svært nøgde etter den hyggelege litterære lunsjen og etter dagens donting. Draumen er ein eigen liten bokkafé i bokheimen. Vi har ikkje ein raud øre, men vi har godt humør. God helg!

Rita




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar