Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 25. oktober 2019

Frå eldhus til moteshow

Bestemor mi var støtt heime. Ho var ofte oppteken, men hadde alltid tid lell. Heime såg eg henne aldri utan forkle over magen, og lokken var alltid samla i ein hårkam eller skjult under tørkleet. Dei aller gildaste stundene saman med henne var når eg sat bak henne ved takka medan ho kjevla runde mjukbrødleivar og deklamerte dikt med fleire titals vers. Sjølv om somme av versa truleg vart dikta der og då, spela det inga rolle for meg - eg var like imponert kvar gong. Stum av undring over innlevinga, minnet og kunnskapen hennar, kvilde eg nakken mot tømmeret og lot konglebuskapen i skogen få fri eit bel til. Når ho let kjevlet kvile og augo leike seg gjennom dampen på det vesle eldhusvindauget mot eit heimfjell i årstidsdrakt, var bestemor og eg på reise saman. Takk bestemor, for den entusiasmen du synte meg for diktinga.

Det som også sit godt i minnet etter ein fri barndom tett på besteforeldra, er alle stundene blant kjolar, koffertar, skjørt, hattar og tørkle ved sida av trappa på "øvre". Der samlast vi syskjenborna og kledde oss opp til eventyrlege amerikareiser og byturar oppover mot skålen (vedskjulet) bak den store bjørka. Kleda tiløyrde ei anna tid, og fantasien fekk leike seg fritt heilt til bestemor ropa oss inn til nysteikte pannekaker med sæterrømme og heimrørt bær. Aldri har eg vore meir interessert i klede enn desse stundene bak bjørka. Klede har sidan aldri vekt mi store interesse, reint bortsett frå at eg treng eitkvart å kle skrotten i.

Moteshowleiarane trygt plassert ved hjartestartaren før avspark (Foto: Hårloftet ved Sunniva Bø)

Stor var difor undringa då Direktør Rita og eg sist helg vart hyra inn til å leie moteshowet under årets Lomsfest! Vi hadde som vanleg ikkje hjartelag til å takke nei, og stor var spenninga då vi møtte opp til eit sjeldant gildt folkehav på Bergom. Mange flotte utstillarar og eit vidunderleg haustvèr gjorde sitt til god stemning og gemyttlege møte. Vi i Lom har jo absolutt alt, bortsett frå eigen bokhandel. Her står serveringsstadane i kø med gastronomiske opplevingar av dei sjeldne, vi har klede og sko for både idrett, fest og fritid, medan frisørar, negledesignerar og bamselegar steller godt med folk og teddybjørnar. Endåtil kan vi skryte av lokalprodusert øl av ypparste kvalitet og økologisk dyrka grønsaker og urtar.

Lombøl på Lomsfest (Foto: Mari Wedum)
Dei to utskremde bibliotekarane har litt ulik tilnærming til dette med mote og stil, så medan Direktøren brukte morgonen til å pusse sko og style håret hos Hårloftet, nytta kollegaen stunda til å verme seg litt ekstra på smeden under dyna. Likevel; showet gjekk horveleg bra, og vi prata fram flotte lokale modellar for både Sport1, Fjell og Fritid, Hårloftet, Skogstad og Bergom klær, sko og sport. Ekstra godt vermde det i bringa då vi etterkant fekk skryt av dialektbruken vår under seansen: "Nå vart e jammen minna på at e ska tå i bruk att dessa goe gamle glosun e ha gløymt!" Ein eldre mann kom også bort til oss, såg oss rett i augo og sa enkelt, men uttrykksfullt "Takk!"

Vår oppmoding blir difor denne fredagen: Kle deg i det du vil, uansett kva du trur andre måtte tenkje om det, og ver stolt av både deg sjølv og dialekta di! God helg!

Godt kledd bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar